Velferdsteknologi

smartphone-1987212_1920.jpg - Klikk for stort bilete

 

Det er eit uttalt ønske og vilje både frå politisk og administrativ leiing i Ørskog kommune at velferdsteknologi skal innførast og takast i bruk til det beste for innbyggarane i kommune. 

Publisert av Åse Karin Finnøy Gjære. Sist endra 11.10.2018

Dette fordi ein har stor tru på at slik teknologi vil bidra til ei positiv utvikling; ikkje berre innanfor pleie og omsorg, men også i det vide innbyggarperspektivet i kommunane. Velferdsteknologi er komen for å bli; framtida – den er her og no.

 

Det er fleire måtar å beskrive velferdsteknologi på, men dette er ein av dei: Velferdsteknologi er eit av flere verkemidlar som kan gi pasientar og brukarar auka meistring, trygghet og kontroll over eiga helse.
Velferdsteknologi muliggjer nye løysingar for brukarane og for virksomhetene. Bruk av velferdsteknologi i den enkleste forma kan for eksempel dreie seg om at den heimeboende nyttar eit enkelt produkt uten nokon form for bistand fra andre

 

I forordet til opplæringsprogrammet «Velferdsteknologiens ABC» heiter det: «Det er eit fagleg og politisk mål at velferdsteknologi skal vere integrert i helse- og omsorgstenesta i kommunane innan 2020. Ny teknologi, nye arbeidsformer og nye tenester fører til eit stort behov for å heve kompetansen blant dei tilsette i tiden fremover». Utfordringa som vi i Ørskog kommune; samt alle andre kommunar i Norge må ta tak er korleis «morgondagens helse- og omsorgstenester» skal utformast. Framskriving av behov mellom anna for helse- og omsorgstenester er komplisert statistikk, men nokre sentrale element står klart allereie no.

 

  1. Fleire yngre brukarar med stort behov for tenester i eigen heim.
  2. Tal personar med kroniske sjukdommer er aukande.
  3. Fleire personar får store reduksjonar i funksjonsevne.
  4. Sammensetning i befolkninga endrar seg seg slik at vi får fleire eldre og færre yngre i yrkesaktiv alder.
  5. Framtidas eldrebefolkning si endra forventning og krav til korleis morgondagens helsetenester skal vere.

I vår kommune er det ei eiga spreiingsgruppe for velferdsteknologi som arbeider saman med avdelingsleiarane innanfor pleie- og omsorgstenesta i høve opplæring og innføring av denne nye teknologien. Einingsleiar er kontaktperson for Velferdsteknologiprogrammet i vår kommune.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av Jan Einar Klungreseth
Einingsleiar pleie og omsorgstenester
Tlf: 70 16 59 78
Mobil: 414 34 666
E-post  

 

Meir informasjon (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering