Individuell plan

Vegen vidare - Klikk for stort bilete

Alle som har behov for langvarige og koordinerte teneste har rett til å få utarbeidd ein individuell plan dersom ein sjølv ynskjer det.

Formålet med individuell plan er:

  • At du får god koordinert hjelp utifrå dine behov. Tenesteytarane har ansvar for å  samarbeide om di oppfølging.
  • Dine mål, ressursar og behov for tenester skal kartleggast.
  • Tiltak som kan dekke dine behov for bistand skal vurderast og koordinerast.
  • Du bør medverke i utarbeidinga av eigen plan.

 

Samtykke:

Individuell plan skal ikkje utarbeidast utan ditt samtykke.

 

Innhaldet i planen:

  • Ei oversikt over dine mål, ressursar og tenestebehov.
  • Ei oversikt over kven som deltek i planarbeidet.
  • Kven som er brukarkoordinator.
  • Ei oversikt over kva du (pårørande) vil bidra med i planarbeidet.
  • Ei oversikt over aktuelle tiltak, omfang og kven som har ansvaret.
  • Ein beskriving av korleis tiltak skal gjennomførast.
  • Planperiode, tidspunkt for eventuelle endringar og revidering.

Den individuelle planen gir deg ikkje rett til tenester utover det som er regulert i lovverket elles.

 

SamPro – nettbasert individuell plan (IP)

SamPro er eit elektronisk verktøy for å lette samarbeidet rundt IP, og det dekker dei lovpålagde krava til IP. Verktøyet kan nyttast som eit generelt samarbeidsverktøy der mange personar og instansar er involvert. Det er utvikla av Visma Unique i samarbeid med fleire fagmiljø og brukargrupper. I tillegg til IP, har også SamPro ulike samarbeidsverktøy som kalender, meldingsutveksling og dokumentarkiv.

Brukar er planeigar og bestemmer kven som skal ha tilgang til SamPro, og kva informasjon den enkelte skal få tilgang til. Ein må ha PC med tilgang til internett for å kunne nytte SamPro. Tilkoplinga er like sikker som ved bruk av nettbank.

 

Spørsmål vedrørande individuell plan kan rettast til:

Maud Andreassen, maud.andreassen@orskog.kommune.no 

Sørviskontoret post@orskog.kommune.no Telefon 70 16 59 00

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

vernepleiar
Mobil: 993 23 055
E-post  

 

 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering