Publisert 03.06.2014
Nytt TT-kort frå august 2017

Transporttenesta er eit tilbod om drosjetransport for personar som er varig forflytningshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming.

 

Transportordninga er ei frivillig fylkeskommunal oppgåve og er meint som eit supplement til andre rettighetsbaserte ordningar. Ordninga er eit tilbod om drosjetransport til personar som grunna varig forflytningshemming, ikkje kan nytte seg av vanleg kollektivtransport.

Publisert 30.05.2014
Ørskog Blues Club.

Lovorda står i kø etter gårdagens Kraftblues ute på Gausneset - det var rett og slett ein fantastisk dag! All heder til både arrangørar, frivillige og band. Og fortsatt er det mykje som skjer. Du kan anten sjå litt beskriving her på kommuna si heimeside under "kva skjer?" nedst i venstre hjørne eller ved å gå inn på heimesida til Ørskog BluesFest.

God blueshelg til alle!

Publisert 30.05.2014
Festivalkaptein Jo Even Tomren.

Blueskapteinen var på NRK Møre og Romsdal onsdag ettermiddag og framsnakka både bluesfestivalen og Ørskog kommune - eit veldig flott innslag Jo Even Tomren! Du gjer mykje fint for heimbygda di, og vi er glad og takksam. Lukke til i helga - vi gledar oss!

Innslaget kan du fortsatt høyre på nettet:

http://radio.nrk.no/serie/distriktsprogram-moere-og-romsdal/dkmr02010614/28-05-2014#t=1h13m20s

Publisert 28.05.2014
Jump

I siste nummer av publikasjonen Helserådet er det samla gode lokale eksempler på tiltak for auka fysisk aktivitet i nærmiljøet. Her er mange gode ideer som kan være til inspirasjon for mange!

Publisert 26.05.2014

Årets første blåveis nærmar seg ! 29.mai startar Ørskog Blues festival, og vi ser fram til dagar fylt av blå musikk. Vi oppfordrar alle om å vere med og farge bygda blå desse dagane.   Her kan du lese om årets program

Publisert 22.05.2014

Storfjorden barnevern i samarbeid med  RVTS-St.Olav arrangerer tverrfagelg fagdag om barn og traume og inviterar helsestasjon, PPT, legar og pedagogisk personal i barnehagar, lærarar m.m. i Norddal, Stordal, Ørskog og Skodje

Tid: 3. juni 2014 kl 09.00 -15.00
Stad: Gamlebanken på Sjøholt

Publisert 24.04.2014
Fjøreblues 2013.

I mai er det mykje kjekt som skjer; 17. mai, Ørskogdagane og Ørskog BluesFest. Kan ein tenke seg ei flottare familieutflukt på Sjølvaste Kristi Himmelfartsdag enn å ta turen ut til Gausneset og oppleve naturen og svingande musikk i skjønn foreining? Arrangementet er gratis, det er godt planlagt og alle skal få høve til å kome seg dit.    

Publisert 24.04.2014

For mange småbarnsfamiliar vil det av ulike grunnar ikkje vere mogleg å dra på sommerferie i år. Rus eller psykiske problemer i familien kan vere blant årsakane. Blå Kors ynsker at alle barn skal ha noko å fortelle om når skolen eller barnehagen starter i august.

Frist for påmelding er 31. mai.

Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering