Politikk

Møteklubbe - Klikk for stort bilete På denne sida finn du aktuell informasjon om det lokale sjølvstyret i Ørskog kommune. Under møteplan finn du informasjon om utval, møter, medlemer, sakskart og saksinformasjon. Du får direkte tilgang til alle aktuelle dokument som er tilgjengelege i medhald av lov eller forskrift.

   

Tanken bak det lokale sjølvstyret (formannskapslovene frå 1837) er at kommunane i størst muleg grad sjølve skal ta avgjersler lokalt. Eit viktig prinsipp i lokaldemokratiet er nærleik til dei personane avgjerslene gjeld.

 

Politisk leiing

Kommunen sitt hovudansvar er å arbeide for lokalbefolkninga sine interesser. Kommunestyret er det øvste politiske organet i kommunen. Kommunestyret vel ordføraren, og ofte er han eller ho frå det største partiet i kommunestyret.

Knut Helge Harstad - H - ordførar i Ørskog kommune frå 16.2.17 - 2019
Tlf 70 16 59 04 , mobil 916 22 484
E-post: knut.helge.harstad@orskog.kommune.no

Geir Peter Aure - V/Krf - varaordførar 2015 - 2016
Tlf 415 40 657
E-post: geir.peter.aure@orskog.kommune.no

 

Politisk sekretariat

Politisk sekretariat skal syte for at dei folkevalde er sikra nødvendig bistand i arbeidet med førebuing, gjennomføring og etterarbeid i samband med saker/møter i politiske råd og utval, samt sekretærfunksjon for ordførar og varaordførar. I tillegg har sekretariatet mellom anna desse oppgåvene: medie- og publikumskontakt, aktiv bruk av det elektroniske systemet i samband med publisering/informasjonsflyt, representasjon og bistand i samband med vennskapssamband og andre representasjonsoppgåver, gjennomføre kommune- fylkes- og stortingsval, administrere val av nemnder, råd og utval, planlegge, tilrettelegge og fylgje opp det politiske systemet mellom anna reglement, godtgjersler, kurs/opplæring, framlegg til møteplan, samt sekretærfunksjon for den årlege TV-aksjonen.  

Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering