Møteplikt og forfall

Hald møtedagane ledige. - Klikk for stort bilete

Som folkevalgt har du møteplikt i dei kommunale organa du er valt inn i, med mindre du har gyldig forfallsgrunn eller er inhabil i ei sak. Dette følgjer av kommunelova § 40.

Dei folkevalte (både faste medlemmer og varamedlemmer) vert oppmoda om å halde møtedagane ledige, og i utgangspunktet ikkje legge ferier eller andre arrangement til dei aktuelle møtedagene.

Arbeidstakar har krav på fri frå arbeidet for å skjøtte møteplikta.

Hvis du ikkje kan stille på møtet, skal du melde gyldig forfall snøggast råd til Sørviskontoret. Ring, eller send e-post: 70 16 59 00 / post@orskog.kommune.no

 

Gyldig forfall

Eksempel på gyldig forfall er sjukdom, arbeidstider som ikkje kan endrast på, som t.d. forretningsreise, og store familiehendingar som bryllup, jubileum og gravferd.

Om det er spesielle høve som fører til at vedkomande ikkje utan fare for helsetilstand eller velferd eller uten å forsøme viktige forretninger eller plikter kunne ha møtt, godkjennast.

Gyldig forfall finnast dersom sjukdom eller andre hindringer gjer det umogleg eller relativt vanskeleg å møte.

 

 

Ikkje gyldig forfall

Eksempel på ugyldig forfall er fritidsaktivitetar og mindre familiehendingar som fødselsdager og middagslag.

 

 

Refusjon av utgifter

Ved krav om refusjon av tapt arbeidsforteneste, må arbeidstakar dokumentere tapet i form av erklæring frå arbeidsgjevar.
Det er kun trekk i løn frå arbeidsgjevar, faktisk tap av overtidsgodtgjerdsle eller dokumentert og faktisk tap av inntekt i næring som gir rett til kompensasjon.
Kravet må innehalde informasjon om utval, møtedato og antall timar.
 

 

Politisk sekretariat

Politisk sekretariat skal tilrettelegge for arbeidet i dei politiske styringsorgana og for den politiske leiinga i kommunen, og bidra til gode politiske prosesser. Dette innebærer sekretær- og sørvisfunksjonar for ordførar, kommunestyret, formannskapet og øvrige politiske utvalg, samt ansvar for ulike reglement og generell juridisk rådgivning knytt til politiske organ og prosessar.
Politisk sekretariat er knytt til rådmannen. Det daglege arbeidet i sekretariatet går føre seg i samspel med ordfører.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 15.06.2018
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering