Flyktningtenesta

 

 

Ørskog kommune har busatt flyktningar sidan slutten av 2013. Per 1.1.2017 bur det 32 flyktningar i Ørskog. Dette er inkludert dei som har kome på grunnlag av familiegjenforeining. Dei busette flyktningane kjem frå Somalia, Sudan og Eritrea.

Kommunestyret har vedteke å ta i mot åtte nye pr år i kvart av åra 2017-2019, familiegjenforeining kjem i tillegg.

 

 

Introduksjonsprogrammet

Kommunen pliktar å tilby eit fulltids introduksjonsprogram og alle flyktningar som blir busett i Noreg har plikt til å delta. Programmet inneheld norskopplæring, samfunnskunnskap og arbeidspraksis eller språkpraksis. Programmet har ein varigheit på opptil 2 år. Målet med programmet er å kvalifisere deltakarane for arbeid eller vidare utdanning.

 

Oppgåvene til flyktningtenesta

Å busette flyktningar er ei oppgåve for heile kommunen, men flyktningtenesta skal vere pådrivaren i arbeidet.

 

Flyktningtenesta skal

  • Koordinere tenester med andre kommunale einingar
  • Løyse det praktiske ved busettinga
  • Kontaktledd mellom kommune, lokalsamfunn og flyktning
  • Gje rettleiing og opplæring til flyktningane (bu i norsk bustad, kunnskapar ein må ha for å bu i Noreg).
  • Tilretteleggje for integreringsarbeid

 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Flyktningskonsulent
Tlf: 70 16 59 08
Mobil: 954 18 988
E-post  

 

Skjema (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering