Opphaldsbetaling
Pris for full plass frå 1. august 2019
Brutto årsinntekt over 548 500 kroner: 3.040,- kroner per månad.
Brutto årsinntekt under 548 500 kroner: Sjå redusert foreldrebetaling nedanfor.
Pris for redusert plass frå 1. august 2019
Årøyhaugen barnehage: For firedagers plass er prisen kr. 2.585,- per månad og for tredagers plass kr. 2.068,- per månad.
Lande FUS AS barnehage: Ta kontakt med barnehagen for informasjon.
Kostpengar
Årøyhaugen barnehage: Det kostar kr. 350,- for mat per månad for full plass.
For fire dagers plass er prisen kr. 280,- og for tredagersplass kr. 210,-
Lande FUS AS barnehage: Ta kontakt med barnehagen for informasjon.
Rekning for barnehageplass
Det er 11 betalingsterminar i året, juli er betalingsfri. Betaling for inneverande månad, det vert sendt faktura før den 1. og med forfall den 20. i kvar månad. Ved for sein betaling vil ein få gebyr og renter.
Søskenmoderasjon
Søskenmoderasjon er 30 % for barn nummer to og 50 % for barn nummer tre. Søskenmoderasjon vert og gitt når søsken går i ulike barnehagar. Søsken må bu på same adresse for å få søskenmoderasjon.
Redusert foreldrebetaling
I 2015 vart det vedteke ny forskrift om foreldrebetaling for barnehageplass. Betalingssats skal maksimalt vere 6% av hushaldninga si samla inntekt. Som hushaldning reknar ein ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Når sambuar ikkje er mor eller far til barnet, skal sambuaren si inntekt reknast med når sambuarforholdet har vart i 12 av dei siste 18 månadane.
Familiar med årsinntekt under kr. 548 500 i 2018 kan søke for barnehageåret 2019/2020.
Gratis kjernetid
For barnehageåret 2019/2020 får 2-, 3-, 4- og 5-åringer som bur i hushaldningar med lavare årsinntekt enn
kr. 548 500,- 20 timars gratis opphaldstid i barnehage. Søker ein om redusert foreldrebetaling, vil søknaden også gjelde gratis kjernetid.
Her finn du søknadskjema for redusert foreldrebetaling
Dokumentasjonskrav som gjeld søknad om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid
Alle skattepliktige inntekter skal oppgivast, det gjeld også inntekter som ikkje er førehandsutfylte på sjølvmeldinga. Dersom du ikkje har sjølvmelding for 2018 må du levere annan dokumentasjon.
Sjølvmeldinga eller likninga for 2018 skal lastast opp og sendast inn som vedlegg til det elektroniske skjemaet. Du finn sjølvmeldinga eller likninga som innlogga brukar på altinn.no eller skatteetaten.no.
Dersom du ikkje kan sende inn sjølvmeldinga elektronisk kan det elektroniske skjemaet skrivast ut, leggast ved sjølvmeldinga, og sendes inn med vanlig post til Ørskog kommune, Rådhuset, 6240 Ørskog. Du kan også levere søknadsskjema og sjølvmelding på Servicekontoret.
For å søke redusert betaling for barnehageåret 2019/2020 må du ha fått tildelt ein barnehageplass, og du må ha sjølvmelding eller likning for 2018.
Det kan leverast søknad i løpet av året, dersom ein får vesentlig reduksjon i inntekta eller familien opplever samlivsbrot.
Dersom foreldra har delt omsorg, skal inntekta i husstanden der barnet har folkeregisteradresse leggast til grunn.
Dersom du har plass i den private barnehagen i Ørskog, dvs Lande FUS AS barnehage, men bur i ei anna kommune, skal du søke til kommunen der du og barnet bur.
Ørskog kommune er ansvarlig for handsaming av søknadane for både kommunale og private barnehagar. Private barnehager vil få informasjon om vedteken pris slik at dei kan fakturere korrekt beløp.
Søknad gjeld for eitt barnehageår
Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld for eitt barnehageår. Det må søkast på nytt før 1. juni kvart år. Er du for seint ute med å søke? Lever søknad snarast råd!
Søknader som ein får inn i løpet av året vert handsama fortløpande og reduksjon vil normalt gjelde frå påfølgande månad.