Bustøtte

Nøkkel til heimen - Klikk for stort bilete

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.

Kor er bustøttekontoret i kommunen?

Bustøttekontoret i Ørskog finn du på rådhuset.

Besøks- og postadresse: Øyravegen 11

Telefon: 70 16 59 00 / 70 16 59 06

 

Sjekk om du kan få bustøtte
På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva for inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren.

 

Søk bustøtte

Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad.

 

Meld frå om endringar

Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.

 

Klage på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du fekk vedtaket.   

 

Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustøtte på husbanken.no

Du kan og ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 28.11.2018
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Konsulent
Tlf: 70 16 59 06
Mobil:
E-post  

 

Teneste (1)
Lover / forskrifter (2)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering