Startlån

Husnøkkel - Klikk for stort bilete

Startlån er midlar som Husbanken låner ut til kommunen for vidareutlån.

Føremålet er at husstandar som har vanskar med og etablere seg på bustadmarknaden skal få høve til å bu i nøkterne og gode bustadar. 

Det er ikkje krav om eigenkapital for å få startlån, men du må kunne betene startlånet ved sidan av alle andre utgifter. Har du lav inntekt, kan startlånet kombinerast med bustøtte.

Norske skattereglar gjer det gunstig å eige, framfor å leige. På sikt vil difor buutgiftene vanlegvis vere lavare når ein eiger eigen bustad. Men er det usikkerheit knytt til kor lenge det vil vere aktuelt å bu i bustaden, samt usikkerheit knytt til framtidig inntektssituasjon, kan leige av bustad vere eit betre alternativ.

 

 

Målgruppe

Startlån og tilskot er for personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad, og som heller ikkje har høve til å spare.

  • Barnefamilier
  • Mottek trygd/offentelge ytelsar
  • Boliglåntakar med gjeldsproblem
  • Andre  - sjå Husbanken
  • Unge i etableringsfasen er ikkje i målgruppa


 

Saksgang / fremgangsmåte:

Søknadane vert handsama fortløpande og saksbehandlingstida vil vere ca. 2 veker. Kontroller at søknaden er fullstendig utfylt innan du leverer den inn.

Du søker elektronisk via Husbanken sine sider.

Får du avslag på søknaden din, vil du få ei skriftleg grunngjevnad.

Alle vedtak kan klagast på. Klagen skal vere skrifteleg og Ørskog formannskap er klageinstans.

 

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 02.08.2016
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering