I menyen under finn du oversikt over aktuelle tenester, skjema og annan info knytta til dei ulike fagområda.
Kontakt
Har du spørsmål eller innspel vedrøyrande brøyting, ta kontakt med kommunen anten via telefon 70 16 59 00 eller e-post: post@orskog.kommune.no
Beredskap
(gjeld kommunale bygg, vatn, avløp, snøbrøyting og veg)
kl 08.00 - 16.00: kontakt Jan Ove Longastøl tlf 70 16 59 38
etter kl 16.00 kan ein kontakte kommunen på 70 16 59 99
Varslingssystem UMS
Ørskog kommune har teke i bruk telefonvarsling til innbyggarane.
Via UMS ServiceVarsling (levert av UMS –Unified Messaging Systems AS), sørger teknisk avdeling for at du får beskjed via telefon eller SMS vedplanlagt vedlikehald av ledningsnettet, uventa vassbrot eller ved anbefalt koking av vatn.
Og i andre situasjonar kan det vere aktuelt å nytte systemet for å nå ut til innbyggarane med viktig informasjon, til dømes i ein beredskapssituasjon.
Varslinga skjer ved at det vert sendt ut SMS til alle mobiltelefonar, og ei automatisert talemelding til dei kontaktpersonene som kun er registrert med fasttelefon.
Systemet fangar opp alle registrerte telefonnummer på eigedomar i det berørte området.
Her kan du sjå meir informasjon om varslingssystemet Ørskog kommune nyttar.