Demensteamet i Ørskog kommune

Ta tidleg kontakt med demensteamet i Ørskog kommune. - Klikk for stort bilete

Er du uroa for ein slektning eller ein nabo som ser ut til å slite i kvardagen? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss i demensteamet. Vi har teieplikt og vil behandle all informasjon konfidensielt. 

Det er ofte viktig å kome tidleg i kontakt med demensramma og deira familiar, for å kunne hjelpe best mogleg. 

 

Demensteamet er eit lavterskeltilbud retta mot personar med demens eller mistanke om demensutvikling. I tillegg yter vi hjelp til pårørande eller andre som kjenner seg knytt til personar med demens, helsepersonell og andre interesserte.
 

Kontaktinformasjon:

  • Mobiltelefon: 90 63 43 91, kl. 09:00-15:00 (tirsdag til torsdag)
  • E- post: demensteam@orskog.kommune.no
  • Postadresse: Demensteamet i Ørskog, Øyraveien 11 6240 Ørskog

Ta tidleg kontakt med demensteamet i Ørskog kommune.
 

Demensteamet sitt arbeid

Demensteamet arbeider for å gje meir kunnskap om demenssjukdommar og å betre kvaliteten på samveret med personar som er ramma av demens. Målet er å skape ein trygg og forutsigbar kvardag både for demensjuke og deira pårørande. 


Vi kan mellom anna hjelpe med å klargjere rettane til den enkelte brukaren og kontakte og samarbeide med hjelpeapparatet. Teamet ønskjer å gje råd og rettleiing i dagleglivet og å styrke dei pårørande gjennom open dialog.
 

Her finn du brosjyre om demensteamet og dagsenteret i Ørskog. (PDF, 537 kB)

Tenesteomtale - dagsenter for heimebuande med demens. (PDF, 211 kB)

 

Korleis arbeider demensteamet?

Demensteamet er med i utredninga av demens i samarbeid med fastlegen og vi ynsker å følge opp familiar med veiledning og råd.

Vi engasjerer oss også i pårørandeskule ilag med demensforeninga og vil ha samtalegrupper for pårørande og for personar med demens.


Demensteamet består av:

  • Fastlege
  • Demenskoordinator
  • Sykepleier

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 30.07.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering