Hjelpemiddel

Hjelpemiddel.jpg - Klikk for stort bilete

Vurdering og tilpassing av hjelpemidlar kan hjelpe menneske til å fungere godt i kvardagen trass vanskar med å utføre daglege gjeremål på grunn av sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetjing.

Ein kan ha behov for ulike hjelpemidlar, til dømes til personleg stell, tilrettelegging i barnehage, skule eller arbeid, rørslehjelpemidlar, syn- og hørselhjelpemidlar, m.m.

 

Målgruppe

Menneske i alle aldrar og livsfasar som bur eller oppheld seg midlertidig i kommunen. Ein må ha funksjonsvanskar på grunn av sjukdom, skade eller medfødt funksjonshemming for å få låne hjelpemidlar.

 

Rettleiing

Det finst to ulike måtar å få låne hjelpemidlar på:

  1. Varig utlån

Behovet for hjelpemidlar må vere forventa  å vare i 2 år eller lengre. Ein sender då søknad til NAV, som vurderar behovet for hjelpemiddel opp i mot informasjonen som kjem fram i søknaden. Utlånet vert dekka av trygdesystemet.

  1. Kommunalt utlån

Ørskog kommune har eit lager av hjelpemidlar som ein kan låne ved kortvarig behov for hjelpemiddel.

Ta kontakt med heimetenesta eller kommunefysioterapeuten ved kortvarig behov for lån av hjelpemidlar.

Ta kontakt med oss så hjelper vi deg med å finne og fylle ut søknadsskjema. Det kan vere aktuelt med funksjonsvurdering og eventuelt heimebesøk i samband med å skulle vurdere behov for hjelpemidlar.

 

Meir informasjon angåande hjelpemidlar og søknadar finn du på www.nav.no/hjelpemidler .

 

Kontakt

Har du hjelpemiddel og treng hjelp med reparasjon, ta kontakt med kommunefysioterapeut eller heimetenesta. 
Kontakt informasjon for hjelpemiddelformidling / hjelp til søknad på hjelpemiddel:

  • Kommunefysioterapeut i Ørskog kommune, Sveinung Sivertsen

Telefon: 70 27 36 40 / 904 19 464 E-post: sveinung.sivertsen@orskog.kommune.no

Adresse: Ørskog sjukeheim, 2.etg mot vest

 

  • Heimetenesta i Ørskog kommune, telefon 70 27 38 00
  • Kontaktperson syn- og hørselhjelpemidlar: Birte , telefon 70 27 38 03, onsdagar.

 

Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering