Jordmortenesta

Par med barn - Klikk for stort bilete  

Ørskog, Stordal og Norddal kjøper jordmorteneste frå Skodje kommune.

Jordmor har kontor på helsestasjonen i Ørskog tysdag og fredag: kl. 08.30-15.00


Jordmor Randi Eggereide kan treffast på tlf. 70 27 36 92 eller 481 98 290

For timebestilling: Ring 70 27 36 92 (tysdag /fredag).



Jordmor kan tilby følgjande tenester:


* Svangerskapsomsorg
* Fødsels- og foreldreførebuing
* Familieplanlegging og prevensjonsrettleiing
* Ammehjelp/rettleiing
* Samtale etter fødsel

Målet for svangerskapsomsorga er at den gravide føler tryggheit og omsorg for seg og barnet, og familien.

 

Etter retningslinene for svangerskapsomsorga (gjeldande frå 01.07.05) kan du som er gravid velje fritt om du vil gå til svangerskapsomsorg hos jordmor eller lege, alternativt begge deler. Dette gjeld for heile svangerskapet og etterkontroll etter fødsel.

 

Kor mange kontrollar?

Retningslinene tilrår eit basisprogram med åtte kontrollar til og med svangerskapsveke 40 for friske gravide. Ultralyd i veke 17-19 er rekna med. Deretter følgjer jordmor eller lege rutinane som gjeld for «overtidige svangerskap» i samarbeid med Kvinneklinikken ved Helse MR. Alle konsultasjonane er gratis.

Ved den første konsultasjonen er det sett av ekstra tid til samtale og informasjon, og til utfylling av svangerskapsjournal. Då vert det lagt ein plan for oppfølginga av deg og ditt svangerskap, basert på den informasjonen ein har. Du får og tilbod om henvising til ultralydundersøking. Om du skulle ha behov for spesiell oppfølging (utover det vanlege programmet), legg vi òg ein plan for det. Ta alltid med urinprøve (morgonurin).

 

Fødsels- og foreldreførebuande kurs

Desse er i regi av helsestasjonen, vekselvis Skodje og Ørskog.
Vi samlast ein kveld, cirka 2 timar med fokus på fødsel og helsestasjonstilbodet.
Hovudmålgruppe er fyrstegongsgravide og partnerane deira.
Jordmor organiserar samlingar etter behov og gjev informasjon på svangerskapskontroll.

 


Ammehjelp/rettleiing

Jordmor svarar gjerne på spørsmål og gir praktiske råd og rettleiing, i tillegg til tilbodet ved helsestasjonen. Ved behov utanom kontortida, ring Ammehjelpen.
For meir informasjon: Ammehjelpen.no



Samtale/kontroll etter fødsel

Jordmor tilbyr samtale/kontroll ca 4-6 veker etter fødselen. 
 

Naturlege tema å ta opp er:

  • Fødselsopplevingar
  • Barseltid
  • Kjenslemessige endringar, amming og prevensjon
  • Korleis kome i form etter fødselen etc.
     

Jordmor sender innkalling, og konsultasjonen er gratis.
Tilbodet er frivillig.

 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Jordmor
Tlf: 70 27 36 92

 

 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering