Psykisk helseteneste

Prestekrager - Klikk for stort bilete

Psykiske plager og lidelser kan ramme mange.

Psykisk helseteneste gjev tilbod til personar med psykiske lidingar som angst, depresjon og meir alvorlege tilstandar.


Tilbodet kan vere samtaler på kontor eller heime hjå brukaren, angsttrening eller bistand til oppfølging frå andre hjelpeinnstansar.

Tenesta kan også tilby støttande samtaler til pårøyrande.

 

Rusbehandling

Psykisk helseteneste i samarbeid med brukar, ev. pårøyrande, kartlegg brukar sitt behov for hjelp. Kjem det fram i kartleggingssamtalen eller seinar i behandlingsforløpet, at brukar har eit problem med rus, kan psykisk helseteneste hjelpe til for motivering for rusbehandling. Ein vil då, i samråd med brukar, formidle dette vidare til rette instansar. Psykisk helseteneste tilbyr oppfølging før, under og etter rusbehandling.

 

Om ein er brukar, pårøyrande eller berre har spørsmål om rus, kan ta kontakt. Alle som tar kontakt med tenesten er anonyme. Sjå nettsida deira: http://www.rustelefonen.no/

 

Heilskapeleg tenestetilbod

Psykisk helseteneste ynskjer å gi eit heilskapeleg tenestetilbod for brukarane. For å få dette til, ber tenesta brukar om eit samtykke til å samarbeid med aktuelle hjelpeinnstansar.

Psykisk helseteneste har eit tett samarbeid med fastlege og NAV i forlenging av brukaren sine behov.

Psykisk helseteneste er gratis og ein kan ta direkte kontakt.

 

 

*********


- Fastlege

Dersom du slit med vanskelege tankar, er det viktig å søke lege. Gjennom kontakt med fastlegen kan barn, unge og vaksne med psykiske vanskar få kontinuitet i oppfølginga.
Legekontoret kan vidareformidle kontakt til psykiatritenesta.
Pasientar kjem i kontakt med sin fastlege gjennom ordinær timebestilling eller telefontid ved
Ørskog legekontor, tlf 70 27 01 00


 


- Helsestasjon for ungdom

Eit gratis helsetilbod for ungdom mellom 13 og 20 år. Fast personell er helsesøster og lege. Psykolog og spesialsjukepleiar i psykisk helse er tilknytta tenesta, og det er kort ventetid for timeavtale.
 


- Pedagogisk-psykologisk teneste -  Storfjorden PPT

Vi har eit interkommunalt PP-kontor for Norddal, Stordal, Skodje og Ørskog.

Pedagogisk-psykologisk teneste gjev hjelp til barn og unge med særskilde behov og skal medverke til at dei får tilrettelagt sin livssituasjon med sikte på best moglege vilkår for læring og utvikling.  I samarbeid med dei andre kommunale instansane skal PPT medverke til at den einskilde får eit heilskapleg tilbod. PPT kan gje råd og direkte hjelp til barn, ungdom og foreldre i spørsmål som gjeld trivsel, tilpassing, oppseding og opplæring. Kontoret ligg i 3. etasje i bygget til Ørskog Sparebank.
Føresette kan ta direkte kontakt på telefon 70 16 59 60.
 
 


- Storfjorden barnevernteneste

Interkommunal teneste for kommunane Norddal, Stordal, Skodje og Ørskog med tilhald i Skodje rådhus. Barnevernet skal sikre at barn får omsorg, tryggleik og gode oppvekstvilkår.  Foreldre, barn eller andre kan kontakte barnevernet dersom dei er bekymra.  Det er også mogleg å drøfte bekymringar anonymt.
Tlf. 70 24 40 00

 


- Sorggrupper for barn og ungdom

Sjukehuset i Ålesund gjev tilbod om møteplass for barn og ungdom som har mista nære pårørande.  Sorggruppene er delt i tre ulike grupper, ca. 6 - 11 år, ca. 12 - 15 år og ca. 16 - 18 år.  Det er tilbod om eiga gruppe for dei vaksne som følgjer barna.  Ta kontakt via PPT eller helsesøster, eller du kan kontakte sjukehuset og spør etter sjukehuspresten: tlf. 70 10 50 00
 


- Sjølvmordførebyggjande tiltak

Personar som har gjort sjølvmordsforsøk får tilbod om kommunal oppfølging etter utskriving frå sjukehuset.
 


 
- Godt samliv

Samlivskurs for førstegangsforeldre. Interkommunalt samarbeid mellom Skodje og Ørskog kommune i regi av helsestasjonane. Kontakt helsesøster for meir informasjon.
Tlf: 70 27 36 90

 


- Interkommunalt overgrepsmottak

Overgrepsmottaket er et interkommunalt samarbeid mellom per i dag 13 kommunar på Sunnmøre, deriblant Ørskog. 
Mottaket er samlokalisert med legevakta i Ålesund, og ligg i sjukehuset sitt nord-austre hjørne. Ein kan kontakte mottaket om ein har vore utsett for eller lurer på om ein kan ha vore utsett for seksuelle overgrep. Tenesta gjeld og vold i nære relasjonar.
Tlf 70 14 31 13.
Tilbodet er gratis, og er open heile døgnet.


 

- Psykososialt kriseteam

Teamet er sett saman av ulik fagkompetanse(helse, psykiatri, barnevern og prest). Teamet skal sørge for at innbyggarane eller personar som oppheld seg i Ørskog kommune får oppfølging og hjelp i krisesituasjonar, utover det som inngår i det ordinære tilbodet.


 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av Gro Relling Asbjørnsen
Psykiatrisk sjukepleiar
Tlf: 70165975/97716081
Mobil:
E-post  

 

 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering