Beredskap i heimen

Egenberedskap.jpg - Klikk for stort bilete Du er ein del av beredskapen i Norge!

Kva gjer du dersom straumen skulle vere vekke i fleire dagar, mobilnettet sluttar å verke eller det ikkje er vatn i springen?

 
Publisert av Åse Karin Finnøy Gjære. Sist endra 26.10.2018

 

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har lansert ein kampanje, der hovedinnhaldet er konkrete råd om kva vi kan gjere for å førebu oss best mogeleg dersom noko skulle skje med kritiske samfunnsfunksjonar – som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avløp.

Dei ber kvar enkelt av oss tenke gjennom kva som kan skje der vi bur, korleis du og dei rundt deg kan verte ramma, og korleis vi kan handteredet. DSB ber oss om å vere førebudd på at alle kan skulle klare seg sjølv i minst 3 dagar.

De grunnleggande behova som må dekkast dei første tre døgn av ei krise, er varme, drikke, mat, legemidlar, hygiene og informasjon.

 

Kvifor kampanje nå?

"Selv om vi lever i et trygt og stabilt samfunn, er risiko- og trusselbildet i Norge sammensatt og i endring. Klimaendringer, ekstremvær, en endret sikkerhetspolitisk situasjon, terror og teknologi er eksempler på det", sei direktør i DSB, Cecilie Daae.

DSB sin undersøking syner at innbyggarane er lite førebudd på ei krise der mange mistar straum eller vatn, eller om det skulle verte vanskeligare å få tak i nødvendige varer.

Når samfunnet vert ramma av ei stor hending eller krise, må hjelpa først ut til dei som treng det aller mest. Dess fleire av oss som er i stand til å ta vare på oss sjølve og hjelpe dei rundt oss ved ei hending, dess betre rusta stend vi som samfunn.

.

www.sikkerhverdag.no finn du oppdaterte råd og konkrete forlag til kva ein alltid bør ha i heimen sin.

Ditt eige beredskapslager


Her er eit eksempel på kva ein kan ha i hus for å klare seg sjølv i tre døgn:  Beredskapslager heime.JPG - Klikk for stort bilete

  • 9 liter vatn per person
  • To pakkar knekkebrød per person
  • Ein pakke havregryn per person
  • Tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • Tre boksar pålegg med lang holdbarhet per person
  • Nokre posar tørka frukt eller nøtter,kjeks og sjokolade
  • Medisin du er avhengig av
  • Ved-, gass- eller parafinovn til oppvarming
  • Grill eller kokeapparat som går på gass
  • Stearinlys, lommelykt med batteri, parafinlampe
  • Fyrstikker eller lighter
  • Varme klede, pledd og sovepose
  • Førstehjelpspakke
  • Batteridreven DAB-radio
  • Batteri, batteribank og mobilladar til bilen
  • Våtservietter og desinfeksjonsmiddel
  • Tørke-/toalettpapir
  • Litt kontantar
  • Ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/
  • Rødsprit til oppvarming og matlaging
  • Jodtablettar (til bruk ved atomhendelser)

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering