Folkehelse

Familie på tre ute på tur. Mor og far løfter bornet opp mellom seg. - Klikk for stort bilete Folkehelse handler om samfunnet sitt arbeid med faktorer som er med på å påvirke helsa di. Slike faktorer kan blant annet være  kosthold og ernæring, fysisk aktivitet, trafikksikkerhet, sosiale faktorer, rusmiddel og røyking. Det kan også være allergi, drikkevann, inneklima, miljøgifter, skadedyr, stråling og støy.

 

Ørskog kommune er med i satsinga om å betre folkehelsa i samarbeid med fylket, og gjennom partnerskapet God Helse.

 

Folkehelsearbeid

Folkehelsearbeid er den samla innsatsen samfunnet gjer for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremjar trivsel og helse hjå innbyggarane og førebygg psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding.

Tiltak kan rette seg mot til dømes oppvekst- og levekår som bustad, utdanning, arbeid og inntekt, fysiske og sosiale miljø, fysisk aktivitet, ernæring, skader og ulykker, tobakksbruk og alkohol- og annan rusmiddelbruk.

 

Målet med folkehelsearbeid

Folkehelselova er saman med Helse- og omsorgstenestelova dei rettslege verkemiddel for å nå Samhandlingsreforma sine mål om å fremje folkehelsa, førebygge sjukdom og utjamne sosiale helseskilnader. Gjennom eit positivt, langsiktig og heilskapleg førebyggingsarbeid er målet å skape gode lokalsamfunn og god livskvalitet for innbyggarane i Ørskog kommune.

Eit effektivt folkehelsearbeid skal synleggjere folkehelseperspektivet i all planlegging og skape grunnlag for samarbeid på tvers av sektorar, nivå, profesjonar og frivillige lag og organisasjonar.

 

Daglege rutinar og tilbod

Grunnlaget for helsa vår vert lagt i dei daglege rutinane i heim, barnehage, skule, arbeid og fritid. I tillegg kjem strukturane i lokalmiljøet, med til dømes gang- og sykkelvegar, gode møteplassar, samferdsel, helseteneste, idrettsanlegg, kulturaktivitetar, tilgang til friområde og friluftsliv.

 

Folkehelsa generelt er god i Ørskog

Styringsgruppa for folkehelsearbeidet i Ørskog har i 2017 utarbeidd ein rapport som viser hovudtrekk når det gjeld folkehelsetilstanden i kommunen. (PDF, 915 kB) I dokumentet har ein samla tilgjengeleg informasjon om helsetilstanden og faktorar som påverkar helsa. Oversikta viser at folkehelsa generelt er god; kommunen kjem betre ut enn landet elles på fleire område.
På grunn av det låge folketalet i Ørskog får ein ikkje ut spesifikke tal for alle områda, så på nokre felt har ein berre tal frå fylkesnivå å bygge på. Rapporten er ikkje ein komplett og endeleg samanstilling av interessante forhold, - og tilfeldige variasjonar frå år til år kan gi store utslag i ein liten kommune.

 


Omorganisering

Folkehelsearbeidet i kommunen er nyleg omorganisert, det er etablert ei tverrfagleg styringsgruppe. Denne gruppa hadde sitt første møte 16/6-16. Oversikt, plan og mål vart lagt fram for kommunestyret i desember 2017og vil bli innlemma i kommunalt planverk.

 

Publisert av Åse Karin Finnøy Gjære. Sist endra 02.08.2018
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Dagleg leiar Frivilligsentralen
Tlf: 977 12 943
Mobil:
E-post  

 

Teneste (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering