I Ørskog har vi desse legata:
Helga og Jacob Lande’s legat:
Formålet er å yte tilskot til song og musikklivet i Ørskog kommune.
Det er høve for lag og organisasjonar og for enkeltperonar å søke på midlar frå legatet. Det er renteinntektene av kapitalen som kan delast ut og tildelinga skjer kvart 4. år.
Det blir annonsert i lokalavisa i februar med søknadsfrist 15. mars.
Eige søknadsskjema.
Agathe og Lars Vaksvik’s legat:
Formålet er å hjelpe sjuke og trengande i Ørskog kommune.
Det er høve å søke på midlar frå legatet. Det er renteinntektene av kapitalen som skal delast ut. Tildelinga skjer kvart 4. år.
Det blir annonsert i lokalavisa og ved oppslag på Ørskog legekontor i februar med søknadsfrist 15. mars.
Ikkje eige søknadsskjema.