Parkeringsløyve for forflytningshemma

Parkeringsløyve - Klikk for stort bilete

Parkeringsløyve til bilførar eller passasjer som har særleg behov for å finne parkeringsplass i tilknytning til bustad, arbeid og anna aktivitet.  

Parkeringsløyvet er meint som eit hjelpemiddel for personar som grunna vesentleg nedsett rørslehemming har eit særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stader.

For at du skal få parkeringsløyve er det ikkje tilstrekkeleg å påvise ein sjukdomstilstand som avgrensar rørsleevna. Det er også eit krav at at det ordinære parkeringstilbodet ikkje er tilstrekkeleg for å dekke dine behov. Problem med å bere vert i liten grad lagt vekt på.


Parkeringsløyvet er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning.

 

Kven kan søkje om parkeringsløyve? 

Både førar og passasjer av motorvogn kan søkje om parkeringsløyve for rørslehemma når ein oppfyller følgjande vilkår:

  • Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstandar.
     
  • Du må kunna dokumentere eit særleg behov for parkeringsløyve ved bustad, arbeid/skule eller i samband med regelmessig, medisinsk behandling.

 

Om passasjeren sin rett til parkeringsløyve

Rørslehemma som ikkje kjører sjølv, skal som hovudregel kjørast til framkomststaden og følgjast inn. Deretter skal bilførar flytte bilen til ordinær parkeringsplass. Det er ikkje naudsynt med parkeringsløyve for å gjere dette.


Tillating til søkarar som er passasjer tildeles i dei tilfeller der vedkomande vanskeleg kan forlatas utan tilsyn, sjølv for kortare tid. Til dømes sterkt psykisk utviklingshemma, barn i ein viss alder og andre som ikkje kan ta vare på seg sjølv. Då må dette framgå i legeerklæring og søknad.

 

Slik søkjer du

Før du fyller ut søknadsskjemaet tilrår vi at du les gjennom heile rettleiinga for søknad om parkeringsløyve for forflyttingshemma. (PDF, 470 kB)

Der vil du få hjelp og gode råd om utfylling av søknaden, informasjon om prioritering, om bruk av parkeringsløyvet med meir.

 

Framgangsmåte:
Gjeld både deg som søkjer for første gong og for deg som søkjer på nytt.

 

  1. Fyll ut søknad om parkeringsløyve for rørslehemma (PDF, 793 kB)
  2. Legeattest - skal fyllast ut av lege og leggjast ved søknaden.
  3. Søkjer du som førar, skal kopi av gyldig førarkort leggjast ved,
  4. Søkjer du som passasjer, skal kopi av ID-kort leggjast ved.
  5. Send, eller levèr søknaden med legeattest og naudsynte vedlegg til
    Ørskog kommune, Øyravegen 11, 6240 Ørskog

 

Har du parkeringsløyve og skal søkje på nytt?
Ver ute i god tid, og send inn ny søknad med naudsynte vedlegg seinast ein til to månader før det tidlegare løyvet går ut.

 

Kva skjer vidare med søknaden?

  • Det er vedtaksnemnda i Ørskog som kan gje parkeringsløyve til den rørslehemma.
  • Løyvet kan gjevast for avgrensa tid, maksimalt 5 år, men ikkje for mindre enn 2 år. Ved periodiske behov, kan det likevel gjevast løyve for kortare tid.
  • Løyvet er personleg. Både namn og bilete vil bli plassert på løyvet.
  • Du vil få svar innan ein månad.
  • Treng vi fleire opplysningar eller dokumentasjon i saka, vil du få brev om dette.
  • Søknaden vert avgjort innan fire veker frå den datoen vi har tilstrekkeleg informasjon til å gjera eit rett vedtak.
  • Får vi ikkje tilstrekkeleg informasjon, vil søknaden bli avvist.

 

Prioritering


Det er få plassar tilgjengelege berre for rørslehemma, og det må difor prioriterast strengt kven som skal få parkeringssløyve.

Rettleiing for søknad om parkeringsløyve for rørslehemma (PDF, 470 kB)

I rettleiinga kan du lesa meir om prioritering og innvilging av søknad med meir.
 


Vilkår

Reglane for å få parkeringsløyve er vedtekne av Samferdsledepartementet og Vegdirektoratet. Løyvet vert gjeve for ei avgrensa tid, maksimalt 5 år, men ikkje for mindre enn 2 år. Ved periodisk behov kan det likevel gjevast løyve for kortare tid. Skal du fornya løyvet, og har ein vesentleg skade av livsvarig karakter, trengst det ikkje ny legeerklæring. Parkeringskortet følgjer personen og ikkje bilen. Kortet må ligge godt synleg i frontruta på bilen.
 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 27.10.2017
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Konsulent
Tlf: 70 16 59 06
Mobil:
E-post  

 

 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering