Stikk UT!

Stikk UT! - Klikk for stort bilete Hilde Sørdal

 

 

På nettsida til Sunnmøre friluftsråd kan du registrere deg som brukar, samt finne kart og oversikt over turmåla i alle kommunane som er med.

 

På turmåla er det sett opp turkasse der du både finn koden for Stikk UT!-turen og besøksbok du kan signere i. OBS: Du må registrere koden her på nettsida til Stikk UT! eller i mobilappen Morotur (last ned gratis til mobiltelefon) for å få turen registrert. Det er ikkje nok å skrive namnet ditt i turboka.

Stikk UT!-sesongen startar 1. mai og varer til 31. oktober, og turar kan berre registrerast i denne perioden. Turane er graderte etter vanskegrad: grøn er ein lett tur for dei fleste, blå er middels og raud er lengre og meir krevande.

 

 

Turmåla i Ørskog 2018 er:

  • Akslevollvatnet - grøn
  • Hestvika - grøn
  • Geitenibba - blå
  • Liafjellet - blå
  • Høgsætra - blå
  • Steingardsvatnet - raud
  • Jarskar, rundtur Skarbø-Vestre - blå
  • Dynjafossen - grøn
  • Lebergsfjellet frå Fjellstova - blå
  • Snaufjellet - raud
  • Gausnestoppen - blå
  • Skogsvegen på Tøssa - grøn
  • Grytavatnet - blå
  • Bolleberget  - blå
  • Fremste Skorkja/Litlebotntinden frå Hjellesetra - raud

 

Mange flotte turar å velje i! God tur!

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 02.08.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering