Flaumkartlegging

Undergangen januar 2019 - Klikk for stort bilete

Arbeid med reguleringsplan for Sjøholt sentrum krev at det vert gjennomført flaumkartlegging.

Kartlegging av flaumfare for Sjøholt sentrum, datert 22.03.2019, er utført av Asplan Viak AS. (PDF, 17 MB)

.

Naudsynt med tiltak

Kartlegginga viser at Sjøholt sentrum er utsatt for flaum frå fleire bekkar og elver, og frå havet som følge av havnivåstigning og stormflaum. Rapporten syner at her krevst det å gjennomføre tiltak for å verne sentrum mot flaumhendingar i framtida.

Slik det kjem fram i rapporten vil det vere naudsynt med flaumsikringstiltak langs Ørskogelva, og utbetring av kapasitet for kulverter og stikkrenner i frå Liaelva, Wensellelva og Pe-Larsselva. Det er også utfordringar knytt til stadig oversvømming av gangkulverten under E39 ved krysset med Solnørdalsvegen.

 

Januar 2019

Bileta viser oversvømming 4.januar 2019. Det er behov for tiltak som leiar vatnet vekk frå gangkulverten i flomsituasjoner.

 

Hjelpemannskapet i sving Når bekkane vert store Oversvømming Pumping av undergangen Undergangen januar 2019 Ved moloen

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 11.04.2019
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av Cecilie Solli
Planleggar
Tlf: 70 16 59 23
Mobil:
E-post  

 

Nyttige lenker (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering