Reguleringsplanar/planar ute til høyring

Planinnsyn.jpg - Klikk for stort bilete

Eit planframlegg inneheld som regel eit plankart, føresegner og ein omtale (saksframlegg)

Etter at Kommuneplanutvalet har vedteke å legge ei plan ut for høyring, vert den lagt ut på denne sida.

Offentleg ettersyn blir annonsert i Bygdebladet, med brev til grunneigarar, naboar, eventuelt lag og foreiningar, offentlege og andre private høyringsinstansar og på kommunen si heimeside, framsida under aktuelt.

 Meir om heile reguleringsprosessen finn du her

Saker som er ute til høyring:

 

 

 

E39 Ørskogfjellet - sørsida

 

I henhold til plan og bygningslova § 12-14 Endring og oppheving av reguleringsplan melder Statens vegvesen, i samråd med Ørskog kommune, ein mindre endring av reguleringsplana "E39 Ørskogfjellet - sørsida" vedteke 24.mai 2016 i KS-sak 41/46.

Planforslaget sendast med dette på avgrensa høyring til Fylkesmann, fylkeskommune, NVE og Landedalen Grunneigarlag ved Kåre Johnny Braute. Berørte grunneigarar  er varsla i eige brev.

Frist for å uttale seg til reguleringsendringa er sett til måndag 28.mai 2018

Endringane i reguleringsplana for "E39 Ørskogfjellet - sørsida" i 2018 er opplista punktvis under. Heile reguleringsplana med planomtale, bestemmelsar og kart er å finne her:

https://www.vegvesen.no/Europaveg/e39e136orskogfjellet/nyhetsarkiv/endring-av-reguleringsplan-for-e39-orskogfjellet-pa-avgrenset-horing

På ovannemnte nettside finn ein og ein illustrasjon som viser tidligare reguleringsplan mot foreslått reguleringsplan. I illustrasjonen er endringane lett leselege.

Illustrasjonen finn du her (PDF, 5 MB)

Oppsummering av endringane:

  • Plana er forlenga ca. 105 meter mot nord for å få med avkøyrselen til eit hyttefelt på nedsida av europavegen.
  • Veglinja er på den nordlegaste del av strekninga (frå p-plassen der postvegen kryssar E39 til prosjektavslutning i nord) forskjøve ca. 6 meter mot aust (nedover mot elva). Endringa er gjort for å få betre massebalanse i prosjektet (mindre skjæring på opp-sida av europavegen).
  • På den sørlegaste halvdelen av prosjektstrekninga har byggeplanlegginga avdekt at det er behov for noko breiare anleggsbelte fleire plassar (rundt profil 5000, profil 4600-4825, profil 4300 og profil 4000-4050). 
  • I tillegg er det, etter avtale med den aktuelle grunneigaren, tilføyd eit avsnitt i bestemmelsane i §8.1 som gjeld området med eit gamalt grusuttak på vestsida av europavegen heilt i sør på den regulerte strekninga. Dette området vil verte fylt opp (til opprinneleg terrengoverflate) med overskuddsmasse frå prosjektet.

Kjem det merknader på at denne endring ikkje er å sjå som mindre, vil området måtte regulerast på nytt. I så tilfelle er denne meldinga å sjå som eit varsel om oppstart av reguleringsplanarbeidet ihht § 12-8 i plan og bygningslova.

 

 

 

 
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av Liv Marit Nystad
Kommuneplanleggar
Tlf: 70 16 59 19
Mobil: 902 89 405
E-post  

 

Teneste (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering