Som grunnlag for tettstadutviklinga og ny reguleringsplan for sentrum, har Ørskog kommune gjennomført både ei fysisk og ei sosiokulturell stadanalyse, og eit parallelloppdrag for å synleggjere mogelegheitene her. Analysane og parallelloppdrag dannar grunnlag for utarbeiding av reguleringsplan for Sjøholt sentrum.
Parallelloppdraget viser framtidsskisser og ei retning for korleis vi kan få til ei heilskapleg utvikling av Sjøholt sentrum i eit langsiktig perspektiv. Medverkinga og forslaga er så evaluert av ei gruppe som har utarbeidd ein rapport med 10 overordna råd for Sjøholt.
Prosessen er forankra hjå politikarane og gir dei verktøy og konkrete forslag til tiltak for utvikling av sentrum. Vi er no i prosessen med å velge ut kva vi skal gjennomføre først!
Målet er også å inspirere utbyggjarar og grunneigarar til å ville investere og næringsaktørar til å etablere seg her, og å gje innbyggjarane her framtidstru og stoltheit for bygda si.
Kvifor arbeide med tettstadutvikling?
Det er ei stadig aukande bevisstheit om korleis gatene og arkitekturen rundt oss dannar rammene for folk sitt liv. Det har rett og slett mykje å seie for livskvaliteten. Tettstadutvikling handlar om god folkehelse; fordi folk bevegar seg meir, om å hindre einsemd; fordi ein skapar gode møteplassar, om økonomi; fordi samlokalisering og fellesskap løner seg, om inkludering; fordi ein gjer byromma tilgjengeleg for alle, om å begrense skade; fordi ein kan planlegge for t.d. flom og legge til rette for mjuke trafikantar, og om å skape ein god barndom, vaksenliv og alderdom der alle kan delta og kjenne seg trygge; kort sagt gode liv!
På denne sida kan du laste ned dokument som høyrer til prosjektet og få innsyn i innsiktsarbeidet og medverkinga som er gjennomført, tettstadanalyser og paralelloppdrag m.m. Har du sjølv innspel, så ikkje nøl med å ta kontakt!
Arbeidet er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.