Badeplassar i Ørskog

Badeglad! - Klikk for stort bilete

Å svømme er ein av dei beste fysiske aktivitetane du kan gjere; svømming gjer deg meir uthaldande og trenar musklane, samstundes som ein ikkje belastar ledda.
For ikkje å snakke om at å bade kan vere både moro og fredfullt!

I alle høve; om du likar best å bade i fjorden, i elva eller i fjellvatn så fins det ein perfekt plass for deg i Ørskog!

Her er ei assortert oversikt:

 

Prestefjøra

Prestefjøra har ein sentral plass i Ørskogbygdarane sitt hjarte! Mange har naust og småbåtar og kajaker her, her blir det feira St. Hans, her var «halve bygda» tilstades og fekk oppleve å vere lukkelege publikum til ein fenomenal blueskonsert ein strålande vår- og solskinnsdag og ein stadig voksande gjeng tar nyttårsbadet sitt her,- skjønt det må seiast at tilskodarane enno er i fleirtal.

Hit kjem både barnehagane, skuleklasser, tenåringar og barnefamiliar for å bade og stupe, for å padle seg ein tur, for å grille og for å møtast. Fjøra er lang, så her kan ein anten vere sosial, eller finne ein roleg plass for seg sjølv. Her er småkrabber og her kan du fiske frå Oseberget. Skogen ved sidan av er liten, men særs innhaldsrik: spande stiar, gamle bunkers frå krigen, ein fredeleg benk, mykje blåbær og perfekte gøymeplassar for leik og moro!

 Årleg er det dugnad i Prestefjøra for å samle tang og tare og ymse anna som har blitt skyldt i land i løpet av vinteren for å gjere klart før sesongen tar til.

 

Skråvika

Eit grønt og skjønt friluftsområde som friluftsrådet har ansvar for. Skråvika er enkelt tilrettelagt med eit grindbygg, bålplass og benker og er eit ope område med grassletter. Det er fiskeplassar på svaberga og ei småsteinfjøre som passar til både bading og spanande krabbefangst! På berga er det fint å fiske, og grassletta passar ypperleg til leik og ballspel. Her er det godt å vere! Området er ikkje spesielt tilrettelagt for rullestolbrukarar, men med gode hjul vil nok både rullestolar og barnevognar kome seg ned til badeplassen. Her er og eit toalett som Sunnmøre friluftsråd har ansvar for og som er ope heile året.

Beste måten å kome seg til Skråvika på, er å parkere ved Ørskoghallen. Derifrå går du omtrent 700 meter, rundt campingplassen til du kjem til ein liten parkeringplass. Om her er ledig, kan du sjølvsagt parkere her. For å kome ned til friluftsområdet og badestranda går du så forbi bommen og følger turvegen ned mot sjøen. Freistar det å sparke fotball på ei større bane, er det stor kunstgrasbane ved Ørskoghallen.

 

Hestvika

Fin stad for familieutflukt, med sti ned til sjøen. Det har siste året blitt rydda mykje skog, og det er tilrettelagt med bålplass. Her kan leite etter krabbe, hoppe frå berga og det er fint å bade frå fjøra.

 

Dynjafossen

Ørskogfjellet er eitt av dei store utferdsområda for friluftsliv på Sunnmøre, både sommar og vinter. Her finn du uendeleg med turmoglegheiter, både for dei som liker å gå langs ein grusveg, og for dei som føretrekk å klatre høgdemeter. Om du etter ein slik tur, varm og svett, kunne tenke deg ein frisk dukkert, er Dynjafossen neste stopp for deg! Dynjafossen ligg som ei lita perle i Landedalen med fossefall og ein akkurat passe stor badekulp. Det er flatt og lett å gå eller sykle til Dynjafossen.
Start på Stortrøna, ei avkøyrslene på søraust-sida av vegen cirka 5 km frå Sjøholt . Du ser vegen er skilta med «Postvegen», og du skal følgje den gamle Trondhjæmske postvegen mot Ørskogfjellet, til du kjem til ein lang og bratt bakke – den skal du ikkje opp, men heller følgje vegen til høgre eit kort stykke til, og så tek du av og følgjer ei ganske våt rås over myra ned mot elva. Du høyrer fosseduren når du nærmar deg! Dynjafossen har fått namnet fordi du kan høyre dynjinga (dønningane) av han når det er stor vassføring. Når det derimot er lita vassføring, går det an å gå bak fossen.

 

Akslevollvatnet

Lett tilgjengeleg vatn. Her kan du velge om du vil parkere sykkelen på Brauta og gå eller sykle framover, eller du kan køyre heilt fram. Merk då at vegen blir drifta privat, og du må betale bompeng. Første badeplass er rett før hyttene på Liasetra. Her er forøvrig også kjekt å gå på skeiser om vinteren!

 

Nesten

Bortgøymt liten badekulp i Solnørelva like ved Brauta.

 

Bruahølen

Parkering ved grendahuset i Vaksvika og gå nedover Bruabrauta. Nydeleg kulp i rimeleg stor størrelse.

 

Vestreelva

Mange badekulpar oppover elva - her er det berre å finne sin favoritt!

 

Vestrefjøra

Flott rullesteinstrand langs med fjorden. Innbyggarane rundt fjøra samlast til dugnad kvar vår og ryddar den for rusk etter vinteren.

 

Vaksvikfjøra/småbåthamn

Vaksvik småbåthamn ligg idyllisk til i Vaksvikfjøra. Du kan køyre heilt ned til småbåthamna - der er stor parkeringsplass.

Her finn du eige hamnehus som vert nytta til ulike arrangement, og den årlege jonsokfeiringa med sal av rømegraut er særs populær! Hamnehuset inneheld både kjøkken og toalett, og er mogleg å leige til eigne samankomstar.

Det er kjekt å bade i hamnebassenget og ein kan hoppe og stupe frå flytebrygga.
Ved elvekanten er det satt ut benkar og bord, der ein kan sitte og nyte nistemat og kveldsola.


Vaksvik småbåthavn er eit fint utgangspunkt for å ta turen til «Kvitsteinen». Då går du over brua og føl godt merka sti til du kjem ned til sjøen. Prøv gjerne fiskelykka her!

 

Grytalivatnet

Liker du å bade i friskt smeltevatn, så er dette badet for deg! Grytalivatnet ligg i eit utruleg fint turområde, så her kan ein virkeleg få eit friskt bad etterpå, om det så var sjølve vatnet som var målet, eller om du hadde høgare toppar i sikte.

 

 

Akslevollvatnet Bad og vask Badeglad! Fotograf: Sindre Sjøholt
Fotograf: Sindre Sjøholt Flotte Dynjafossen! Jonsokfeiring i Prestefjøra Fotograf: Anniken Aakvik
Kveldskos Fotograf: Sissel Nogva Refsnes Fotograf: Hilde Sørdal Fotograf: Anniken Aakvik
Naustrekka i Prestefjøra - seinsommar Naustrekka i Prestefjøra ein nydeleg sommarkveld Postvegmarsjen endar i Prestefjøra Strandrydding. Alle hjelper til for å få det fint!

 

 

 

Ikkje heilt utfyllande? Har du meir informasjon om den nemnte badeplassen, eller er det noko som manglar på lista? Eller har du eit bilete som du kan tenke deg å sjå på trykk (fotograf blir sjølvsagt kreditert). Send gjerne ein e-post til ingrid.hjelle@orskog.kommune.no så fiksar eg det!

 

Allemannsretten

Alle har lov til å ferdast og opphalde seg i utmarka i Noreg. Allemannsretten er eit gratis fellesgode og ein del av vår kulturarv. Den gir deg rett til å bruke utmarka, uavhengig av kven som er grunneigar.

Allemannsretten er den retten alle og einkvar har til å ferdast fritt i naturen i Noreg. Dette gjeld fyrst og fremst i utmark - altså hovuddelen av strender, svaberg, vatn, myr, skog og fjell samt andre områder der det ikkje er dyrka.

Vi har rettar, men og pliktar. Ferdsel skal skje varsamt og ikkje føre til skade eller ulempe for andre.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 31.07.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering