Friluftsliv

Grytavatnet ligg stille omkransa av høge fjell. - Klikk for stort bilete Hilde Sørdal

      

Turgåarar i Ørskog kan registrere seg på "StikkUT!», på trimark og i "Gjesteboka".

Kvart år frå 1. mai skal alt vere klart for å registrere turar og poeng på trimpostane til Ørskog Idrottslag.

 

I Ørskog kan dette gjerast på to måtar: Anten digital, gratis registrering på nettet på http://www.friluftsraadet.no eller på dei tradisjonelle trimarka som Ørskog I.L. trimgruppa sel kvart år. Trimarka er til sals på Frivilligsentralen og Fjellstova.

 

StikkUT!

Nettsida http://www.friluftsraadet.no er meint å vere ei hjelp og ein inspirasjon for deg som turgåar.

Her finn du omtale av i alt 10 turmål i Ørskog i år. Her får du opplysningar om tilkomst, parkering, om rutene og om turmåla. I tillegg til ei skriftleg forklaring vil du finne kart til turane. Vi vil likevel oppmode alle om å skaffe seg turkartet "Ørskogfjellet". For kvar tur er det foto frå turen.

Her er StikkUT!-turmåla i Ørskog:

  • Aksleskaret
  • Blåfjellet
  • Dynjafossen
  • Elvastien
  • Giskemonibba
  • Hallvardsfjellet frå sørsida
  • Haugsetra
  • Hestvika
  • Høgsvora
  • Jarskar, rundtur Skarbø-Vestre
  • Lauparen (1434 moh.) frå Grytalisætra
  • Liafjellet
  • Liasetra
  • Svartløkfjellet

For meir informasjon om turane og turmåla kan du sjå Ørskog I.L. si turbok "På tur i Ørskog". Her er det blant anna mange fleire bilde. Turboka er til sals på Coop Prix og Frivilligsentralen i Ørskog.

På mange turmål i Ørskog har Ørskog Idrettslag plassert ei postkasse med bok for turgåarar. Aktiviteten på StikkUT! går parallellt med trimgruppa si tradisjonelle turark-registrering.

 

Morotur

Det er laga til ein veldig fin app som er gratis å laste ned som heiter Morotur. Her kan turane lastast ned før turen slik at du ikkje treng internett-tilkopling når du er ute i terrenget.

På nettsida www.morotur.no finn du turomtalar for dei fleste kommunane i Møre og Romsdal, - også ca 40 turar i Ørskog. Denne nettstaden er det Fylkeskommunen som står bak.

 

Gjesteboka

Last ned ein gratis app som heiter Gjesteboka og registrer GPS-posisjonen din. Vips så er du med i den digitale boka for Verahornet, Liafjellet eller kvar du no er.

 

Spørsmål?

Har du spørsmål? Kontaktpersonar for StikkUT! i Ørskog er Hilde Sørdal og Gunnhild Todal,

for Ørskog I.L ”Ut på tur”/ Trimarka er det Emma Hanssen.

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 02.08.2016
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Dagleg leiar Frivilligsentralen
Tlf: 977 12 943
Mobil:
E-post  

 

Teneste (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering