Ørskog Idrottslag

Ørskog Idrottslag (ØIL) vart skipa 24. februar 1918, og kunne i 2018 feire 100 års-jubileum!

Kunstgrasbana før ho er heilt ferdig tillaga. - Klikk for stort bilete Kjetil Ramsvik To glade syklistar syklar gjennom høgt gras, omkransa av høge grantre. - Klikk for stort bilete Geir Haugli Fullsatt tribune i Ørskoghallen - Klikk for stort bilete Kjetil Ramsvik

 

"Idrett i sunne former."

Laget sine lover vart fornya gjennom vedtak i laget 10. november 1986 - endra seinast 15. april 2016.

I §1 finn vi følgjande føremålsordlyd: 
"Arbeidet skal vere prega av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. Alle idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap og ærlegdom."



Laget har gjennom dei åra som ligg bak, vore organisert på ulike måtar.
Ørskog I.L. prøver å femne breitt og få til tilbod om fysisk aktivitet for innbyggjarar i Ørskog - med hovudvekt på aktivitetar for barn og unge.

Gjennom dei snart 100 åra som ligg bak, har nok skiaktivitetane vore til tider dominerande. Laget har hatt fleire utøvarar som har hevda seg godt langt utover eige lag.

I dei seinare 10-åra har likevel fotballen engasjert flest - særleg mellom dei yngste.

I dag har laget tilbod om eit breitt spekter av aktivitetar.

 

Undergrupper

I 2019 har ØIL 7 undergrupper skipa i høve ulike idrettsgreiner og aktivitetar.

  •  Fotballgruppa: Leiar Jon Egil Sollied
  •  Idrettsskulen (for dei yngste): Leiar Anne Sofie Valgermo
  •  Ski-/trimgruppa: Leiar Emma Karoline Hanssen
  •  Cheerleadinggruppa: Odd Arild Jakobsen
  •  Volleyballgruppa: Leiar Anne Grete Refsnes Tennfjord
  •  Friidrettsgruppa: Leiar Kjell Petter Braute
  •  Sykkelgruppa: Leiar Ola Mogstad

Leiarane i dei 7 gruppene saman med arbeidsutvalet utgjer hovudstyret for laget.

 

Medlemstal

Ved årsskiftet 2018/19 hadde laget 536 medlemmer, av desse er 355 aktive. Det vil seie at idrottslaget har ein del "støttemedlemmer", og det tykkjer vi er flott! Det blir sjølvsagt aldri fullt, så her er plass til fleire om nokon kunne tenke seg å melde seg inn.
Kontingent for 2019 er kr. 100,- per år + aktivitetstillegg som gruppene sjølve vedtek. Melder du deg inn som støttemedlem, blir du kun fakturert for den eine 100-lappen i året.

 

Prosjekt

Ørskog Idrottslag har hatt ein sentral plass både som pådrivar og for gjennomføring av store prosjekt knytta til idrett i Ørskog. Mellom anna kan nemnast:

 

  • Ørskoghallen

Fullføring av Ørskoghallen var det store løftet fram til 2008. ØIL stilte med 5 millionar innsamla midlar og ca 5000 dugnadstimar tilsvarande 1,5 mill.
Hallen er no i bruk og offisiell opning var våren 2009. Eit svært stort aktivum for ØIL og innbyggjarane i kommunen vår. Takk til kommunen som har satsa på idrettshall!

Takk også til alle bidragsytarar som gjorde dette prosjektet mogeleg å realisere.

 

  • Kunstgrasbane

Etter nokre år med førebuande arbeid vart kunstgrasbane bygt på den gamle grasbana frå 1978.
Anlegget vart teke i bruk hausten 2010. Offisiell innviing var i august 2011.

Ørskog I.L har stått for ca 1,8 mill av kostnadene (totalt 7,3 mill). Her er det også rett å takke alle bidragsytarar for økonomisk bistand og stå på vilje saman med dugnadsarbeid.

 

  • Anlegg for friidrett

Det nye, store prosjektet for ØIL er no utbygging av anlegg for friidrett. ØIL har gjennom vedtak på årsmøtet 2012 gjort sine prioriteringar. Planlegginga skal no sjåast i samanheng med bruken av uteområdet for nye Ørskog skule. Endelege vedtak og utforming vonar vi er på plass om ikkje så lenge. I juni 2016 vart det inngått avtale mellom ØIL og kommunen om anlegg for friidrett. Eit redusert anlegg med 200 meter bane skal realiserast innan utgangen av 2018. Planarbeidet reknar vi med skal starte tidleg hausten 2016.

 

  • Utviding av skiløype

ØIL fekk til skisesongen 2018/2019 på plass ei ny sløyfe knytta til skiløypene i Svartløkområdet. Løypa går frå Liasætra over osen og vidare til Steinsetsætra, for så å verte knytta til løypa som kjem frå Fylling. 

 

Arbeidsutval

Arbeidsutval 2019/20 (fram til årsmøtet våren 2020):

  • Leiar: Aslak Krokfoss
  • Nestleiar: Hege Hustad Amdam
  • Kasserar: Frode Dyrkorn
  • Sekretær: Linn Tove Lid
  • Styremedlem: Siv Krokfoss
  • Varamedlemmer: Ingrid Rekdal Hjelle og Per Even Brautehaug 

 

Kontakt

Har du spørsmål, idear og framlegg i høve drifta av ØIL ta gjerne kontakt.
Leiarane i gruppene kan kontaktast direkte, eller du kan kontakte leiaren i ØIL,
Aslak Krokfoss: 917 77 017


 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 12.04.2019
Fann du det du leitte etter?
Nyttige lenker (2)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering