Ørskog Kulturhus / Kino

Sentral plassering, stor kapasitet, eit moderne og romsleg kjøkken, garderober, eit fremragande kinosystem og ein stor og fin hage gjer samfunnshuset til eit mykje nytta lokale. Det høver til dei fleste arrangement om det så er 17. mai, bryllaup eller eit fagleg møte det gjeld.

Ørskog kommune tok over huset 1.7.2018. Det er utarbeidd nytt reglement og leigesatsar, det finn du her. (PDF, 122 kB)

Huset

Storsalen har kapasitet for inntil 460 personar, av dette 200 i amfi med svært gode synsvinklar.
Lillesalen har plass til inntil 95 personar. Bord og stolar kan setjast opp på fleire forskjellige måter, og er med det veldig fleksibel.

Kjøkkenet er stort og moderne, og egnar seg godt for både enkel tilbereing så vel som dei meir avanserte kokekunstar.

 

Kino

Så og seie kvar søndag er det kinoframsyning. Vi er raskt ute med å få filmane hit, og anlegget er av det beste på markedet. Du kan anten gå inn på www.orskogkino.com eller sjå inne på Kva skjer? her inne på kommuna si heimeside for å sjå komande filmar.

 

Heimeside

Ørskog Kulturhus har ei eiga heimeside og her får du informasjon om leige, aktivitetar og praktiske opplysningar:

www.orskogkulturhus.no

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 12.11.2018
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Dagleg leiar Ørskog Kulturhus og Ørskoghallen
Tlf: 971 98 400
Mobil:
E-post  

 

Eksterne lenker
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering