Ørskog Kulturhus

Sentral plassering, stor kapasitet, eit moderne og romsleg kjøkken, garderober og ein stor og fin hage gjer kulturhuset til eit mykje nytta lokale. Det høver til dei fleste arrangement om det så er 17. mai, bryllaup eller eit fagleg møte det gjeld.

Ørskog kommune tok over huset 1.7.2018. Klikk her for å sjå nytt reglement og leigesatsar. (PDF, 122 kB)

 

Huset

Storsalen har kapasitet for inntil 460 personar, av dette 200 i amfi med svært gode synsvinklar.
Lillesalen har plass til inntil 95 personar. Bord og stolar kan setjast opp på fleire forskjellige måter, og er med det veldig fleksibel.

 

Bestilling av lokale

Ørskog er no med i nysatsinga til Nye Ålesund www.aktivialesund.no Dette er eit informasjons - og bookingssystem for lokale ein kan leige, anten det er gratis eller mot betaling. Ørskog kulturhus og Ørskoghallen samt Frivilligsentralen ligg no inne. Der finn du og kalender som viser når lokala er tilgjengelige.

Her kan du lese meir om korleis du bestiller lokale. (PDF, 470 kB)

 

Kino

Kinoen vert framleis driven i privat regi. Filmane blir annonsert i Bygdebladet eller du kan sjå inne på Kva skjer? her på vår heimeside for å sjå komande filmar.

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 24.04.2019
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

ingeniør
Tlf: 70 16 59 25
Mobil:
E-post  

 

 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering