Ørskoghallen

Frå hallen - Klikk for stort bileteFrå hallen

Ørskoghallen er ein fleirbrukshall og har plass til aktivitetar av mange slag.

Hallen ligg sentralt til ved sidan av Ørskog skule og har omgåande nærleik til både kunstgrasbane, sandvolleyballbane, ballbinge, skatepark, diskgolf-bane og ei veldig flott miniatyrskytebane med heile 8 fulldigitale baner i 2. etasje.

 

Eit godt og variert tilbod

Med si gode og lyse speleflate, sine gode garderobetilhøve, oversiktlege tribuner og hyggelege serviceareal, framstår hallen som ein verkeleg attraktiv stad for innandørs sportsarrangement.


Ørskoghallen kan leigast til idrettsarrangement, trening og andre arrangement. 


I Ørskoghallen er det liv og røre, og ein sunn og populær treffstad for folk i alle alderar.
 

Kommunikasjon

Fiberkabel direkte inn i Ørskoghallen legg til rette for at ein enkelt kan få sett opp live overføringar frå hallen. Vi har svært kompetente hjelparar som er med når det er behov for litt meir avanserte dataoverføringar.

 

Bestilling av lokale

Ørskog er no med i nysatsinga til Nye Ålesund www.aktivialesund.no Dette er eit informasjons - og bookingssystem for lokale ein kan leige, anten det er gratis eller mot betaling. Ørskog Kulturhus og Ørskoghallen samt frivilligsentralen ligg no inne. Der finn du og kalender som viser når lokala er tilgjengelige. Her kan du lese meir om korleis du bestiller lokale. (PDF, 470 kB)

 

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 24.04.2019
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

ingeniør
Tlf: 70 16 59 25
Mobil:
E-post  

 

Nyttige lenker (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering