Ungdomsklubben og Juniorklubben

Kjekt å vere saman! - Klikk for stort bilete

Ungdoms- og juniorklubben held til i flott lokale i 2. etasje i Ørskoghallen. Lokaliseringa er kjekk i og med at ein kan nytte både innandørs og utandørs område i og ved hallen.

Tiltaket er kommunalt drifta, og med Aslak Krokfoss som leiar.

 

Formålet med å ha ein ungdomsklubb er å skape ei spanande og trygg fritid for ungdom, gi ungdomen sjølv moglegheit til å påvirke og ta initiativ og sist, men ikkje minst; arbeide forebyggande.

 

Klubben

Ungdomsklubben er open kvar fredag frå klokka 19 til klokka 24 og er for ungdom frå 8. trinn og oppover. 

Kvar fredag er det ca 35-40 ungdomar innom. Dei held på med alt frå TV-spel, brettspel, film, ballspel i hallen og god, gamaldags skravling.

 

Juniorklubben starta opp i påska 2018, og er for dei som går på mellomtrinnet. For dei er det onsdag som er dagen og opningstida er frå klokka 18 til 21.

Tilbodet om Juniorklubb på onsdagar er såpass nytt enno at det kan sprike stort med antalet som kjem, med alt frå 15 på det minste og 46 på det meiste.


Der er vaksenvakter til stades i opningstidene både onsdag og fredag.
 


Følg gjerne med på facebookgruppene for fortløpande informasjon som blir lagt ut. Søk opp: Ungdomsklubben i Ørskog og/eller Jr. Klubben i Ørskog

 

 

Møtestad

Det vi ser, seier Aslak, er at det kjem mange som fyrst møtast på Klubben og deretter går ut og er ute rundt Klubben, som til dømes på bana og liknande. Klubben gjer for mange at dei møtast og deretter finn på aktiviteter ilag anten inne eller ute - og det på tvers av både klassetrinn, og gutar og jenter saman.

 

 

Vakter

For å sette opp vaktlister, nyttar Aslak klasselistene. Foreldrene byttar på å være vakter en kveld per år. På fredagar sitt to foreldre vakt og den same løysinga vil det etter kvart også vere på onsdagar, då kanskje med fleire vakter.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 28.05.2018
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering