Skjenkeløyve

Dersom ein driv ein serveringsstad som har serveringsløyve, og ynskjer å servere alkoholhaldig drikke, må ein søkje om skjenkeløyve.

Publisert av Åse Karin Finnøy Gjære. Sist endra 12.10.2018

 

Vanlegvis gjeld skjenkeløyve for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år.

 
Alle skjenkestader i kommunen må kvart fjerde år søke på nytt om skjenkeløyve.
Nyetableringar må søkje om skjenkeløyve før oppstart av verksemda. Søknad om skjenkeløyve skal opp til politisk handsaming, og ein må ta i betraktning behandlingstid for søknaden når ein planlegg oppstart.
 
.Skjenkeløyvet kan gjelde:
  • Drikke med alkoholinnhald over 2,5 % og maksimalt 4,7 %
  • Drikke med alkoholinnhald på maksimalt 22 %
  • All alkoholhaldig drikke

Slik får ein skjenkeløyve

For kvart løyve skal det oppnemnast ein styrar og ein avløysar, som begge må ha:
 
Alle som vil bli godkjent som dagleg leiar/styrar ved stader som har eller skal søkje om skjenke- og serveringsløyve, må ha avlagt og bestått etablerarprøva.
 
Desse vedlegga må følgje med søknaden om skjenkeløyve:
  • Firmaattest
  • Skatteattest for driftsselskapet
  • Leigekontrakt eller anna dokument som stadfestar at du disponerer lokalet til det bruk som det vert søkt om
  • Teikning av inneareal der skjenkeareala er skravert.
  • Teikning/plan for uteserveringa, med grunneigar si godkjenning påteikna.
  • Vitnemål som stadfestar at styrar og avløysar har bestått kunnskapsprøve om alkohollova.
  • Stadfesting av at dagleg leiar har bestått etablerarprøva.
  • Tilsettingsbevis/dokumentasjon som viser styrar og avløysar si tilknyting til serveringsstaden.
  • Bruksløyve

Kva kostar det?

  • Alle som har eit sals- og/eller skjenkeløyve må betala eit årleg gebyr til kommunen, jf. alkohollova § 7-1.
  • Prisen/gebyret for sals- og skjenkeløyvet blir rekna ut på grunnlag av forventa årleg omsett mengde alkoholhaldig drikk. 
  • Minstegebyret for eit salsløyve er sett til kr 1380 per år. Minstegebyret for eit skjenkeløyve er kr 4100 per år

Ved starten av året får alle sals- og skjenkestader tilsendt skjema for omsetningsoppgåve for solgt skjenka vareliter alkohol for det foregåande året.

Skjema skal fyllast ut og attesterast av revisor, og så returnerast til kommunen.

Ut frå det vert det utrekna endeleg bevillingsgebyr

 

 

Omsetningsoppgåve

Bevillingsgebyr på kommunal sal- og skjenkebevilling for alkoholhaldig drikk fastsettast for eitt kalenderår om gangen. Gebyret vert utrekna etter forventa omsett mengde alkoholhaldig drikk per år. Dersom innrapportert omsetning viser eit avvik mellom tidlegare oppgitt forventa omsetning og faktisk omsetning, kan bevillingshavar foreta ein etterberekning og eit etteroppgjer jf. Forskrift om omsetning av alkoholhaldig drikk mv. kap.6 – bevillingsgebyr.

 

Av omsyn til storleiken på bevillingsgebyret verksemda skal betale for sal / skjenking av alkoholhaldig drikk, sender kommunen kvart år ut brev der ein ber om å få oppgitt omsett mengde vareliter alkoholhaldig drikk for forrige år og forventa omsett mengde vareliter alkoholhaldig drikk for inneverande år.

Dersom det er avvik mellom tidlegare oppgitt forventa og faktisk omsetnad for, vil kommunen foreta ein etterrekning og eit etteroppgjer.

Vedlagte rapporteringsskjema skal nyttast og tala skal vere stadfesta av revisor / rekneskapsbyrå.

Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering