Det er ofte viktig å kome tidleg i kontakt med demensramma og deira familiar, for å kunne hjelpe best mogleg.
Demensteamet er eit lavterskeltilbud retta mot personar med demens eller mistanke om demensutvikling. I tillegg yter vi hjelp til pårørande eller andre som kjenner seg knytt til personar med demens, helsepersonell og andre interesserte.
Kontaktinformasjon:
-
Mobiltelefon: 90 63 43 91, kl. 09:00-15:00 (tirsdag til torsdag)
-
E- post: demensteam@orskog.kommune.no
-
Postadresse: Demensteamet i Ørskog, Øyraveien 11 6240 Ørskog
Ta tidleg kontakt med demensteamet i Ørskog kommune.
Demensteamet sitt arbeid
Demensteamet arbeider for å gje meir kunnskap om demenssjukdommar og å betre kvaliteten på samveret med personar som er ramma av demens. Målet er å skape ein trygg og forutsigbar kvardag både for demensjuke og deira pårørande.
Vi kan mellom anna hjelpe med å klargjere rettane til den enkelte brukaren og kontakte og samarbeide med hjelpeapparatet. Teamet ønskjer å gje råd og rettleiing i dagleglivet og å styrke dei pårørande gjennom open dialog.
Her finn du brosjyre om demensteamet og dagsenteret i Ørskog. (PDF, 537 kB)
Tenesteomtale - dagsenter for heimebuande med demens. (PDF, 211 kB)
Korleis arbeider demensteamet?
Demensteamet er med i utredninga av demens i samarbeid med fastlegen og vi ynsker å følge opp familiar med veiledning og råd.
Vi engasjerer oss også i pårørandeskule ilag med demensforeninga og vil ha samtalegrupper for pårørande og for personar med demens.
Demensteamet består av:
-
Fastlege
-
Demenskoordinator
-
Sykepleier