Kvardagsrehabilitering er eit tverrfagleg tilbod som går ut frå helse- og omsorgstenestene i Ørskog kommune.
Kva er kvardagsrehabilitering?
Kvardagsrehabilitering er tidsavgrensa rehabilitering, der trening i daglege gjeremål skjer heime hos deg. Eit tverrfagleg team gjennomfører systematisk kartlegging, og i samarbeid med deg utarbeidast det mål for kva DU tykkjer er viktig å meistre i kvardagen.
Kva kan du forvente av oss?
Du får hjelp i heimen din med å trene slik at du når dine mål for å meistre ein sjølvstendig kvardag. For å oppnå dette set vi opp ein treningsplan ut i frå dine mål og jobbar intensivt i ei avtalt treningsperiode.
Kva forventar vi av deg?
Det forventast at du er motivert til å gjere ein innsats for å vinne tilbake det du tidlegare meistra, slik at du i størst mogleg grad kan klare deg sjølv i dagleglivet.
Kven er vi?
Det tverrfaglege teamet er satt saman av fysioterapeut, sjukepleiar og hjelpepleiar som ynskjer å hjelpe deg med å nå dine mål i kvardagen.
Du søker på teneste og den vert behandla gjennom fysioterapikontoret: telefon 70 27 36 40
For meir informasjon, kontakt kommunefysioterapeut mellom klokka 08.30-14.00 på telefon 904 19 464.