Vern for eldre

Vern mot eldre  - Klikk for stort bileteVern mot eldre Utryggheit har inga aldersgrense. Vern for eldre sin kontakttelefon er eit tilbod til personar over 62 år som er utsett for vald og overgrep.

Vern for eldre - Klikk for stort bileteVern for eldre Vern for eldre er eit ressurssenter som skal bidra til å forebygge vald mot personar over 62 år.

Overgrep og krenkelser kan skje på fleire måter, mellom anna:

  • overgrep som medfører smerte eller skade
  • utskjelling, truende adferd, audmjuking, isolering
  • uønska seksuell kontakt
  • ulovleg eller urettmessig bruk av den eldre sine pengar, eigendelar eller ressursar
  • organisering av tiltak eller mangel på tiltak som fører til at den eldre si helse og sikkerheit ikkje blir ivaretatt, anten det skjer i privat eller offentlig regi.
     

 

Kontakttelefonen

Målet med kontakttelefonen er at valden vert avdekka, personen vert tilbydd hjelp og at forebyggande tiltak vert satt i verk.  

Nasjonal kontakttelefon er betjent av fagpersonar med lang erfaring. Dei har tid til å lytte og gje støtte, råd og rettleiing. 

 

Ved mistanke om overgrep, eller ved behov for meir informasjon, ring tlf 800 30 196.

Telefonen er betent: måndag - fredag kl 09.00-15.30. Tilbodet er gratis, og ein kan vere anonym.

Alle som jobbar i Vern for eldre har taushetsplikt.

Anten kan ein ta kontakt sjølv direkte, eller pårørande, naboar og andre som får kjennskap til slik vold, kan ringe.        

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 26.07.2018
Fann du det du leitte etter?
Meir informasjon (1)
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering