Brukarmedverknad

Brukarmedverknad - Klikk for stort bilete

 

Brukarmedverknad

Brukarane representerer viktig kunnskap når kommunen skal utvikle tilbod og tenester. Ørskog kommune vil utvikle tilbodet gjennom tilbakemeldingar frå brukarane, og ha aktiv dialog ved evalueringane. Brukarmedverknad er særskilt viktig fordi det handlar om den enkelte bruker si oppleving av å bli høyrt i møtet med kommunen. Brukarane medverkar gjennom etablerte fora og gjennom spørjeundersøkingar.

 

Dei ulike nivå når det gjeld brukarmedverknad er regulert i fleire lovar og forskrifter:

 

I oppstart av prosjektet (2017) vart det utført ei kartlegging i tenester som arbeider med barn og unge. Kartlegginga viste at tenesteområda har behov for auka kompetanse når det gjeld å identifisere og følgje opp utsette barn.

Kompetanseplan er under utarbeiding, og vil involvere brukarar i utprøving av ny digital modell.

Det vil bli gjennomført ei ny kartlegging når modellen har vore utprøvd ei tid.

.

Aktuelle samarbeidspartnarar for utprøving og evaluering av modellen:

  • FAU (foreldreråd som består av alle foreldre)
  • SU (valte representantar frå FAU)
  • Mental helse
  • Foreldre både i og utanfor målgruppa
  • Ulike lag og organisasjonar
  • Ungdommens kommunestyre
  • Elevråd

 

Her kan du lese meir om brukarmedverknad på helsenorge.no

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 15.02.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering