Kommunale føringar

Vakraste bygda! - Klikk for stort bilete

                                                                                                                                           Sjøholt, Ørskog

Folkehelserapport i Ørskog

Styringsgruppa for folkehelse har utarbeidd ei oversikt over helsetilstanden og faktorar som påverkar folkehelsa i Ørskog. Dokumentet vart handsama i kommunestyret i desember 2017.

 

Overordna handlingsplan

Ein handlingsplan skal vere skriftleg og innehalde kva som skal gjerast, av kven og når. Planen skal sikre at tiltaka vert gjennomført til avtalt tid.

 

Kommuneplan

Overordna plan som skal gi retningar og vere styrande for politiske og administrative vedtak. Kommuneplanen er eit produkt av ein kollektiv innsats der dei folkevalde i kommuneplanutvalet har styrt prosessen og godkjend planen.

Verksemdplanar

Plan definerer føremål, hovudmål og tiltak i ei verksemd. Den er eit verktøy for organisering og handling.

 

Politisk forankring av prosjektet

Førebyggjande arbeid har høg prioritet i Ørskog kommune. Ørskog kommunestyre var tidleg orientert om at det vart søkt om prosjektmidlar frå Barne- ungdoms- og familiedirektoratet for å arbeide med å betre tilbodet til utsatte barn.

 

Tverrfagleg samarbeidsarena

Kommunen har einingsleiarmøte kvar månad. Det er rådmannen som kallar inn til desse møta og møteplanen vert sendt ut i forkant av kvart halvår. Møta vert haldne på faste tidspunkt, på fast møteplass og med faste deltakarar. Rådmann er møteansvarleg og referatskriving vert på førehand fordelt på deltakarane i møteoversikta som vert sendt ut. Saker på overordna nivå som er av felles aktualitet og interesse vere tatt opp i dette forumet. Prosjektet "utsatte barn" har vore orienteringssak her.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 15.02.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering