Kommunale tilbod

Kommunale tilbod - Klikk for stort bilete

 

Tverrfagleg samarbeid

Ørskog kommune er ei lita og oversiktleg kommune. Fleire av tenestene som helsestasjon, fysioterapi, psykisk helse og fastleger er samlokalisert. Korte avstandar mellom einingane og fagpersonane gjer det lettare å samarbeide og tilpasse tenestetilbudet til den enkelte mottakar.

Helseavdelinga som organiserer tenestene: helsestasjon, fysioterapi, psykisk helse og legetenesta har månadlege fellesmøter der det er rom for å ta opp aktuelle felles tema. Eininga har også faste dagar med felles internundervisning.

 

Tverrfagleg forum barn og unge

Bakgrunn for desse møta er ønsket om eit tettare samarbeid mellom dei som arbeider med same barna og familiar i kommunen. Tverrfagleg arbeid vil kunne gi eit breiare persektiv på korleis, og kva vi kan hjelpe med - til barnet sitt beste.

Deltakarane i teamet er frå helsestasjon, barnehage, skule, PPT, barnevern, fysioterapitenesta, psykisk helseteam og administrativ leiing.

Det er etablert eige skulehelseteam for å kunne ta opp spesielle saker som gjeld skulen og der ein kan diskutere enkeltsaker. Det pågår diskusjon som etablering av eit tilsvarande barnehagehelseteam.

 

Barnehageteam

Barnehageteamet skal vere eit fora rundt utfordringar med enkeltbarn/barnegruppe. Teamet har medlemmar frå begge barnehagane, helsesjukepleiar og PPT.

Barnehagane er koordinatorar og kallar inn til 3-4 møter i året. I teamet vert det drøfta saker av generell karakter, gruppemiljø på avdelingane og psykososiale forhold. Drøfting av enkeltbarn skjer etter samtykke frå foreldre og då er det berre den aktuelle barnehagen som deltek. Foreldre kan ta del i møte etter ønske/behov. Alle tilsette i barnehagane kan melde inn saker til teamet.

 

Skulehelseteam

Teamet sine faste medlemmar er rektor, PPT, helsesjukepleiar og barnevern. Skulen er koordinator og kallar inn til møte om lag kvar 2. månad. I teamet vert det drøfta saker av generell karakter, basisgruppemiljø og psykososiale forhold. Drøfting av enkeltelevar etter samtykke frå foreldre. Foreldre kan ta del i møte ved ønske/behov. Alle tilsette i skulen kan melde saker.

 

Helsestasjon

Tilbodet omfattar barn frå 0-5 år og deira foreldre/føresette. Helsestasjonen er eit lavterskeltilbod som har til hensikt å fremje psykisk og fysisk helse, fremje gode sosiale og miljømessige tilhøve og å førebyggje sjukdommar og skader. Helsestasjonen ynskjer å gi rett hjelp til rett tid gjennom rettleiing, rådgjeving, helseundersøkingar, vaksinasjonar og tverrfagleg samarbeid.

 

Skulehelsetenesta

Omfattar barn frå 5-20 år og deira foreldre/føresette. Skulehelsetenesta er ei vidareføring av helsestasjonstilbodet og gir tilbod til barn i skulen.

 

 

Helsestasjon for ungdom

Målgruppa er ungdom i alderen 13-20 år. Tema ungdommen ynskjer å ta opp kan vere trivsel, kjensler, seksualitet, prevensjon, fysiske og/eller psykiske problem, rus eller andre ting vedrøyrande eiga helse.

 

Psykisk helseteneste 

Psykiatrisk sjukepleiar arbeider systematisk med psykisk helse i kommuna i tett samarbeid med andre kommunale instanser og spesialisthelsetenesta. 

Barnehage

Ørskog kommune ynskjer å tilby alle foreldre eit godt og trygt barnehagetilbod. Vi har ein kommunal og ein privat barnehage i kommunen. Barnehagane har samordna opptak.

Der er utarbeida plan for overføringsmøte med skulen i god tid før skulestart. Ørskog kommune har som overordna mål at ein gjennom samarbeidet mellom barnehage og skule skal legge til rette for tidleg innsats og tilbassa opplæring for elevane.

 

 

Skule

Grunnskulen i Ørskog skal medverke til at barn og unge skal ha trygge og gode oppvekstmiljø med høge utviklings- og læremål. Kvart barn og kvar ungdom skal oppleve å meistre, å høyre til og bli sett.


Ørskog kommune vart MOT-kommune i 2017. MOT utviklar robuste ungdommer som er motstandsdyktige, tar eigne val og trur på eigne krefter. Robuste ungdommer har mot til å inkludere alle. Ved å skape ein kultur der alle er inkludert hindrar ein utanforskap.

 

 

Storfjorden PPT (pedagogisk-psykologisk teneste)

PP-tenesta samarbeider nært med, og gir rettleiing til elevar, foreldre/føresette, tilsette i barnehagar, skular og vaksenopplæring. PPT samarbeider òg tett med ulike hjelpetenester som til dømes helsesøster, barnevern og barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk for å sikre barn og unge eit heilheitleg opplæringstilbod.

Storfjorden barnevern

Barnevernet arbeider etter Lov om barneverntenester av 17. juli -92, nr. 100, der formålet er:

  • å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg i rett tid
  • å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår

 

 

Koordinerande eining

Hit kan brukarar med behov for habilitering/rehabilitering vende seg. Eininga skal bidra til å sikre heilskapeleg og koordinert tilbod til brukarar med behov for tenester frå fleire fagområde/nivå og einingar.

 

Psykososialt kriseteam

Kommunen har eit overordna ansvar for å ivareta innbyggjerane med omsyn til psykososial oppfølging i samband med kriser, ulykker og katastrofer. Teamet har faste møter og er tverrfagleg samansatt. Det er utarbeida ei eiga rutine for aktivering av teamet.

 

 

Krisesenter

Ørskog kommune er med i interkommunalt krisesenter lokalisert i Ålesund kommune. Krisesenter for Sunnmøre er eit gratis, døgnope tilbod for barn, kvinner og menn som er, eller har vore, utsett for vald.

Overgrepsmottak

Ørskog kommune er med i interkommunalt overgrepsmottak som ligg ved Ålesund interkommunale legevakt, lokalisert til Ålesund lokalmedisinske senter på Åse. Overgrepsmottaket er eit samarbeid mellom Helse Møre og Romsdal og Ålesund kommune som vertskommune. Mottaket dekkjer heile Sunnmøre. Overgrepsmottaket gjeld for både seksuelle overgrep og vold i nære relasjonar.

 

 

NAV Storfjorden

NAV kjem oftast i kontakt med foreldre med behov for økonomisk bistand, men kan i samråd med foreldre, og bruk av samtykkeskjema, koble inn kommunale instansar om der er barn som har behov for eit tilbod. Ved omfattande behov for bistand kan ein kontakte NAV for råd og rettleiing.

 

 

Fastlegar

Fastlegeordninga gir alle innbyggjarane i Noreg rett til å ha ein allmennpraktiserande lege som sin faste lege. Ørskog kommune har tre fastlegestillingar.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 15.03.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering