Kompetanse

Kompetanse - Klikk for stort bilete

 

Ørskog kommune har krav om at alle som arbeider med barn og unge skal vere fagleg oppdatert, og gir tilbod om kurs og nettverkbygging for tilsette. Kvart år vert det gjennomført kompetansetiltak i kommunal regi. Vi har ein oversiktleg organisasjon der det vert lagt til rette for tverrfagleg samarbeid rundt barn og unge. Systematisk og lik opplæring minskar variasjon i tilbodet.

 

Kompetansehevingsplan

 

Psykologisk førstehjelp

Psykologisk førstehjelp er eit sjølvhjelpsverktøy for meistring av eigne kjensler, utarbeidd av barnepsykologspesialist Solfrid Raknes. Med raude og grøne tankar lærer dei unge å framsnakke seg sjølv. Opplæring av den enkelte medarbeidar vil styrke tverrsektoriell samhandling.

ICDP

ICDP er eit foreldrerettleiingsprogram frå Barne- og ungdomsdirektoratet. Programmet  rettar seg mot omsorgsgivar, og skal styrke deira omsorgskompetanse. ICDP har som sin grunntanke at den beste måten å hjelpe eit barn på, er å hjelpe omsorgspersonane. Programmet er enkelt og nyttast i det helsefremmande og primærførebyggjande arbeidet, men er også vikareutvikla slik at det kan nyttast i høve til målgrupper med særskilde utfordringar. Ørskog kommune har utdanna veiledarar, men det er ønskeleg å utdanne fleire spesielt frå barnehage og skule.

 

 

Kompetansesenter Rus - Midt-Norge

KoRus Midt-Norge arbeider på oppdrag frå Helsedirektoratet, og bistår Ørskog kommune med kompetansestøtte på rusområdet.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 15.02.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering