Lokalsamfunn

Barn - Klikk for stort bilete

 

 

Korps - Klikk for stort bilete

Du er viktigare enn du trur. Du treng verken erfaring eller kunnskap for å vere den eine viktige vaksne for eit barn som strevar. MEN du treng å vere raus og sjå bakom den utagerande guten eller den stille, inneslutta jenta. Du treng å bry deg. Barn som er vanskelege, har det ofte vanskeleg. Alle vaksne er rollemodellar både for eigne og andre sine barn.

 

Nabo, familievenn, utvida familie

Ein vaksen som bryr seg om eit barn har stor betydning for korleis det går med barnet i framtida. Du kan vere den eine som utgjer ein forskjell.

 

Nyttige tips frå Unicef om kva som skal til for å vere Den Eine:

SJÅ - Å bli lagt merke til og hugsa kjennes verdfullt. Hels, ha blikkontakt og bruk barnet sitt namn

LYTT - Lytt til kva barnet fortel og anerkjenn barnet sine opplevingar utan å avbryte eller korrigere

GI - Å gi handlar om å vere inkluderande. Sjølv i ein hektisk kvardag er det mogleg å lage plass til ein til

FORSTÅ - Vis interesse. Ein forståelsesfull vaksen tør å spørje korleis eit barn har det - og tåler svaret

SETT GRENSER - Barn blir trygge når vaksne er trygge og tydlege.Vis omsorg gjennom grensesetting

 

 

Venner

Mange barn og unge uroar seg for ein venn som dei veit har det vanskeleg. Når du merkar at ein venn endrar seg mykje eller oppfører seg annleis over tid, så kan det tyde på at han eller ho har problem.

Her får du råd om kva du kan gjere:

 

 

Frivillige lag og organisasjonar

Du som er trenar, instruktør, leiar, dirigent eller på anna måte er engasjert i ein frivilleg organisasjon møter mange barn med ulike føresetnader og bakgrunn. Dei har det til felles at dei ønskjer å bli sett. Du kan vere den eine som ser.

Vi veit at ein vaksen som bryr seg om eit barn som har det vanskeleg, kan vera avgjerande for korleis det går med barnet i framtida.

Sjå nyttige tips frå Unicef om kva som skal til for å vere Den Eine lenger oppe i artikkelen.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 22.02.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering