Ressursbank

"Hvem kan hjelpe Jesper?"

Nokre barn er ekstra utsett fordi foreldra deira slit. Fire år gamle Jesper er pårørande og lærer deg som jobbar i barnehagen korleis du kan sjå og følgje opp desse barna.

 

 

".. og hvem ser Johanne?"

Johanne er 10 år og storesøster til Jesper på 4.  Johanne viser deg som jobbar i skulen korleis du kan oppdage og følgje opp barn som lever som pårøyrande.

 

Brosjyrer

Det er laga ymse brosjyrer som kan vere eit nyttig hjelpemiddel for både barn og vaksne til å snakke om eit vanskeleg tema:

 

  • "Mor/far er syk"

Informasjonsbrosjyre til barn av psykisk sjuke, rusmiddelavhengige, alvorlig somatisk sjuke og skadde. Du kan enten få brosjyra på helsestasjonen eller laste den ned her: Last ned informasjonsbrosjyre

 

  • "Hva er det med foreldrene mine?"

Dette heftet forklarer kva psykiske problem er, og gir svar på nokre av dei vanlegaste spørsmåla som unge stiller når dei har psykisk sjuke foreldre. Du kan låne heftet på helsestasjonen, eller bestille det i nettbutikken til Voksne for barn. Her kan du bestille informasjonshefte

 

  • "Hvordan hjelper jeg barnet mitt?"

Målet med dette heftet er å hjelpe foreldre med psykiske problem i å støtte eigne barn. Heftet er og nyttig for andre som har med barn å gjere. Du kan låne heftet på helsestasjonen eller bestille det i nettbutikken til Voksne for barn. Her kan du bestille informasjonshefte

 

  • "Når mamma eller pappa ruser seg"

Heftet er skrive for barn og unge som har foreldre som rusar seg. Det skildrar kva som skjer med den som rusar seg, korleis barn og vaksne har det i familiar der mor eller far rusar seg, kva ein sjølv kan gjere og korleis ein kan få hjelp.

Du kan låne heftet på helsestasjonen eller bestille det i nettbutikken til Voksne for barn. Her kan du bestille informasjonshefte

 

  • "Rusavhengig og forelder"

Heftet er skrive til dei som er avhengige av rus og som også er forelder. Det er meint å bidra med hjelp til den utfordrande oppgåva det er å vere mor eller far. Du kan låne heftet på helsestasjonen eller bestille det i nettbutikken til Voksne for barn. Her kan du bestille informasjonshefte

 

 

BarnsBeste

Helse- og omsorgsdepartementet har oppretta eit nasjonalt kompetansenettverk for å betre oppfølginga av barn med somatisk og psykisk sjuke/rusmiddelavhengige foreldre. Sørlandet sykehus sitt helseføretak leiar og koordinerer nettverket, som har fått namnet BarnsBeste.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 15.02.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering