Verktøy

Verktøy - Klikk for stort bilete

 

Oppstartsamtale i barnehage

Ved oppstart i barnehage får føresette utdelt eit kartleggingsskjema som dei fyller ut: ”Viktige opplysningar som personalet ved barnehagen har bruk for i sitt daglege arbeid med barna”. (DOCX, 34 kB)Eit av punkta omhandlar rus og psykisk sjukdom. Pedagogisk leiar har ein oppfølgingssamtale med føresette i etterkant.

 

 

Psykologisk førstehjelp

Psykologisk førstehjelp er eit verktøy utarbeidd av psykologspesialist Solfrid Raknes. Metoden formidlar grunnprinsippa i kognitiv atferdsterapi som er ein godt dokumentert metode til førebygging og behandling av ei rekkje psykiske plager hos barn og ungdom.


Psykologisk førstehjelp kan hjelpe barn til å bli meir bevisst eigne og andre sine følelsar og tankar, og til å utvikle gode mestringsstrategiar. Det kan også nyttast for å hjelpe barn til å takle vanskelege situasjonar. Fleire instansar i kommunen nyttar delar av verktøyet.

 

"Snakketøyet"

«Snakketøyet» er eit digitalt verktøy for fagfolk og privatpersonar som ønsker å støtte og ivareta barn som har foreldre og/ eller søsken med psykiske eller somatiske plager. Det er utvikla av BarnsBeste i samarbeid med psykiater Anne Kristine Bergem og barnepsykolog Svein Øverland. Gjennom verktøyet kan ein finne konkrete tips om korleis ein kan snakke med barna, korleis ein kan veilede foreldre til sjølv å snakke med barna og korleis ein kan snakke med foreldra om barna.

 

"Hvem kan hjelpe Jesper?" - Veileder

Korleis kan vi hjelpe barn som lever med rusavhengige og psykisk sjuke foreldre? Organisasjonen Voksne for barn har laga ein veileder til hjelp for å fange opp tidlege signal på mistilpassing hos desse barna og korleis ein best kan hjelpe dei. Veilederen er frå 2010, men kan vere like aktuell i dag.

 

"Den dialogiske barnesamtalen"

”Hvordan snakke med barn om sensitive temaer”. Kompendiet er meint å vere til praktisk hjelp for fagfolk som kjem i situasjonar der dei skal snakke med barn om sensitive tema som er av følsom eller sensitiv karakter, og som ein vanlegvis ikkje snakkar om.

 

"Hvordan møte og følge opp et barn som forteller?"

Redd Barna har i samarbeid med Støttesenter mot Incest Oslo utvikla eit samtaleverktøy med råd om korleis møte og følge opp barn som fortel om overgrep. Samtaleverktøyet kan også nyttast når barn fortel om andre sensitive tema.

 

Barnespor for helsepersonell

Eit samtaleverktøy som kan nyttast i samtalar med barn der ein eller begge foreldre slit med rus eller psykiske vanskar. Verktøyet er primært laga for spesialisthelsetenesta, men kan og nyttast i kommunen.

 

Samtalar med foreldre

I lenkene under finn ein råd og veiledning for korleis ein kan gjennomføre samtalar med foreldre.

 

 Teikn på at barn og ungdom kan ha behov for hjelp

 

"Du kan hjelpe Jesper"

Digital vegvisar frå Voksne for Barn som viser deg som jobbar i barnehage korleis du kan gå fram når du er uroa for eit barn. Trinn for trinn får du reflektere over situasjonar og får råd til korleis du kan gå fram. Undervegs får du mellom anna lære om korleis du kan gjennomføre ein foreldresamtale med barnet sitt perspektiv.

Individuell plan

Formålet med individuell plan og koordinator, jfr forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator § 1, er:

  • sikre at pasient og brukar får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod
  • sikre pasient og brukar sin medverknad og innverknad
  • styrke samhandlinga mellom tenesteytar og pasient og brukar og eventuelt pårørande
  • styrke samhandlingen mellom tenesteytarane på tvers av fag, nivå og sektorar

 

Ansvarsgruppe

Føremålet med å ha ei ansvarsgruppe er å sikre eit tverrfagleg samarbeid, informasjonsflyt og koordinerte tenester der deltakarane er fastare forplikta enn om dei ulike tenesteytarane kun vert kontakta ved behov. Ansvarsgruppe er ikkje pålagt i lov eller forskrift.

 

 

EPDS (Edinburgh postnatal depression scale)

EPDS er eit spørreskjema som er utvikla for å identifisere kvinner med depresjon i graviditet og etter fødsel. Kvinna fyller sjølv ut skjemaet og det vert opna for samtale rundt tema i etterkant. Vurdering av skåren og behov for vidare utgreiing og eventuell behandling må takast av helsepersonell. Helsesøster og jordmor ved Ørskog helsestasjon gir tilbod om utfylling av skjemaet til gravide kvinner i veke 24 og ved 6 vekers konsultasjon etter fødsel. Tilbodet er frivilleg.

 

 

ICDP (International Child Development Program)

ICDP er eit enkelt, helsefremjande og førebyggjande program som har som mål å styrke omsorgen og oppveksten for barn og unge. Det rettar seg mot omsorgsgivarar og skal styrke deira omsorgskompetanse. ICDP-programmet vart utvikla av professor Karsten Hundeide og professor Henning Rye ved Universitetet i Oslo. ICDP-programmet er anerkjent og vert nytta av mellom anna UNICEF og WHO.

Nyare forskning viser at barnet sitt samspel med sine næraste omsorgsgivarar er avgjerande for barnet si heilskaplege utvikling. ICDP har som sin grunntanke at den beste måten å hjelpe eit barn på, er å hjelpe barnet sine omsorgspersonar ved å støtte og bevisstgjere dei. Programmet vert nytta av fleire instansar i kommunen.

 

 

ASQ (Ages and Stages Questionnaires)

Anerkjent verktøy for å kartlegge barn si utvikling på ulike alderstrinn og for å identifisere forseinka utvikling eller skeivutvikling så tidleg som mogleg. ASQ er egna som grunnlag for samtalar med foreldre og omsorgsgivarar for å støtte barnet si utvikling. Ørskog helsestasjon nyttar ASQ skjema for 4 månadar til alle barn som eit screeningsverktøy og elles skjema for dei ulike alderane ved behov.

 

 

TRAS (tidleg registrering av språkutvikling)

Observasjon av språk i dagleg samspel, eit pedagogisk observasjonsverktøy som skal nyttast til å observere barn si språkutvikling. I tillegg skal det bidra til kompetanseutvikling blant barnehagetilsette ved at dei blir meir bevisste på kva framgangsmåtar, forklaringar og utfordringar som påverkar barn si utvikling. Verktøyet vert nytta av barnehagane i Ørskog.

 

Alle med

Observasjonsmateriell som skal gi eit heilskapleg bilde av barnet og kva det meistrar. Dekkjer barnet sine seks utviklingsområder. Verktøyet vert nytta av barnehagane i Ørskog.

Publisert av Ingrid Marie Rekdal Hjelle. Sist endra 22.02.2019
Fann du det du leitte etter?
 
  • TelefonBilde 70 16 59 00
  • PostboksBilde Øyravegen 11, 6240 Ørskog
  • Besøksadr: Rådhuset
  • Komm.nr 1523
  • Org.nr 864978932
Login for redigering